Furukrossnebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Furukrossnebb
Utfarga hann
Utfarga hann
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Loxia
Art: Furukrossnebb L. pytyopsittacus
Vitskapleg namn
Loxia pytyopsittacus

Furukrossnebb er ein fugleart i finkefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Furukrossnebben er 16–18 cm lang, og dermed gjennomgåande litt større enn grankrossnebben. Skilnaden mellom dei to artane er liten, men furukrossnebben har grovare hals, og proporsjonalt større hovud og nebb. Til liks med dei andre artane i slekta har furukrossnebben nebbhalvdelar som kryssar kvarandre. Over- og undernebben er om lag like grove. Nebben er like høg som lang, til skilnad frå grankrossnebben. I alle drakter er vengane og stjerten mørke til svartaktige med lysgrå brem. Vaksne hannar er ellers først og fremst teglsteinsraude, men fjørdrakta kan variere mellom individa med meir innslag av grågrøne, brune eller oransjegule toner. Den vaksne hoa har grågrøn overside, gulgrøn overgump og lysgrå underdel, med grønaktig tone på brystet og kroppssidene. Ungfuglen er grønaktig gulgrå, med kraftig svartaktig streka underside.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Furukrossnebben har ulike slags læter, og desse liknar litt på lætene frå grankrossnebben.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten hekkar i Skandinavia, Finland, Baltikum og nordlege delar av europeisk Russland. Sporadisk hekkar arten så langt sør som i Danmark og Tyskland.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Furukrossnebben finst hekkande over det meste av Noreg, unnateke lengst nord. Fugletalet varierer med frøproduksjonen til furua. Truleg hekkar 10 000 – 100 000 par årleg i Noreg. Arten er sterkt knytt til furuskogen.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Loxia pytyopsittacus

Reiret vert bygd i glissen furuskog, som oftast oppe mot toppen av eit tre, i blant nede på sidegreinene. Hoa legg 2-4 (i blant 5) egg. Desse er kvite med ein svak tone av blått eller blågrønt, og dekte med raudbrune flekkar. Desse ruger ho i 14-16 døgn. Etter klekkinga matar foreldra ungane i 25 døgn, til dei er flygedyktige. Oftast fell dette saman med at furukonglane er modne og frøa opnar seg.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglane et mest furufrø.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Arten er standfugl, men kan streife ein del, og invasjonar sørover er ikkje uvanlege. Skandinaviske fuglar kan invadere Storbritannia i mengder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.