Harestua haldeplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Furumo haldeplass)
Harestua haldeplass


Stasjonsområde
Stad Harestua
Distanse 45,74 km frå Oslo S
Opna 1984
Plattformer 1
Linjer og rutedrift
Linje(r) Gjøvikbanen
Overgang
Kart
Harestua haldeplass

Harestua haldeplass (før desember 2013: Furumo haldeplass) er ein haldeplass for lokaltog på Gjøvikbanen i Lunner kommune i Akershus fylke, 45,74 kilometer frå Oslo Sentralstasjon. Haldeplassen ligg på Harestua og vart opna i 1984 på grunn av stor bustadbygging i Harestuaområdet. I 2012 vart han ombygd for å kunne take mot lengre tog. Ein busshaldeplass er knytt til jarnbanehaldeplassen.

Frå haldeplassen er det merkte turløyper både inn i Nordmarka og i Romeriksåsene.

Furumo vart frå 9. desember 2012 den einaste stoppestaden for tog på Harestua etter at den gamle Harestua stasjon vart lagd ned. Difor har Furumo haldeplass fått namnet Harestua haldeplass frå desember 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Førre stasjon   Jernbaneverket   Neste stasjon
Gjøvikbanen
Regionaltrafikk
300Skøyen - Oslo S - Jaren