Furzey Island

Utsyn nordvestover frå Brownsea Island. Furzey Island ligg i midten og Green Island like bak til venstre
Furzey Island er ei øy i Poole Harbour i Dorset i England. Øya ligg sør for den større Brownsea Island. Sett frå sjøen eller tilstøytande landområde, ser øya ut som nok ei aude, furukledd øy, men gøymd mellom trea ligg ein oljebrønn og ein stasjon knytt til Hamble på Southampton Water via ei røyrleidning. Den høge oljeriggen er eit stort landemerke i Southern Poole Harbour og det største landemerke mellom Brownsea og Furzey.
Furzey Island ligg i kommunen Corfe Castle i Purbeck distrikt.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Furzey Island» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ OS Explorer Map OL15 - Purbeck & South Dorset. Ordnance Survey. 2006. ISBN 978-0-319-23865-3.