Fusa kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°14′27″N 5°44′47″E

Fusa kyrkje
kyrkje
Fusa kirke, Fusa kommune, Hordaland.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Fusa
Fellesråd Fusa
Arkitekt Ole Halvorsen
Innvigd 2. september 1962
Klokker 1874 (Bochumer Verein) og 1961 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ja
Altartavle Bjørn Tvedt (1962)
Orgel Steendam (2004)[1]
Sitjeplassar 350
Wikimedia Commons: Fusa kirke
Gamlekyrkja som brann i 1959
Foto: Christian Christensen Thomhav

Fusa kyrkje er ei langkyrkje frå 1962 i Fusa kommune i Hordaland fylke. Kyrkja vart teikna av arkitekt Ole Halvorsen og har 350 sitjeplassar. Dette er den fjerde kyrkja på staden.

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Den første kyrkja — frå mellomalderen — var truleg ei stavkyrkje. Ho er nemnt i Bergens kalvskinn[2] Denne kyrkja blei erstatta med ei ny kyrkje i år 1600. Fusa vart eige prestegjeld i 1855, og det vart vedteke at det skulle byggjast ei ny kyrkje. Denne vart reist ved sida av den gamle etter teikningar av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth og innvigd 24. november 1861. Deretter vart den gamle kyrkja riven og materialane selde på auksjon. Kyrkja frå 1861 brann ned til grunnen 11. januar 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orgelselskapet, jf. Orgelmakerij Steendam.
  2. P.A. Munch: Registrum prædiorum et redituum ad ecclesias dioecesis Bergensis sæculo ... vulgo dictum "Bergens Kalvskind" (Guldberg & Dzwonkowski, 1843), s. 66.