Fustavassdraget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fustavassdraget er eit vassdrag i Vefsn kommune i Nordland fylke.

Frå munningen til Fustvatnet er Fusta hovudelva. Tre åer renn ut i Fustvatnet:

  • Austfrå renn Herringelva frå Herringdalføret, med vatn frå Almdalselva (lenger opp Geittindskardelva og Skardvasselva) og Tverrelva.
  • Vestfrå renn Baåga, som har vatn frå Hellfjelleva (lenger opp kalla Grøftremelva) og Engåselva.
  • Nordfrå renn vatnet gjennom Strauman mellom Mjåvatnet og Ømmervatnet.

Til Ømmervatnet renn Hattelva/Luktvasselva frå Luktvatnet.

Til Luktvatnet renn Litlelva austfrå gjennom Litlluktvatnet og Kjerringhalselva sørfrå med vatn frå Innerbotnelva og Rundtindelva.

Fusta[endre | endre wikiteksten]

Elva Fusta kan ha fått namnet sitt fordi ho er fus, dvs. ho er stri og bråkar.

Historisk har ho vore ei viktig lakseelv. Etter at ho vart infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris, vart laksetrappa i Forsmoforsen sperra for oppgang av både laks og sjøaure. I 2011 og 2012 vart vassdraget behandla med rotenon med sikte på å utrydde gyrosmitten frå elvene, og vassdraget vart friskmeldt i 2017.[1]

Vasssdragsvern[endre | endre wikiteksten]

Fustavassdraget er verna i Verneplan II for vassdrag, som vart vedtatt av Stortinget i 1980. I Stortingsproposisjon nr 77 (1979-80) heiter det om Fustavassdraget:

Nedbørfelt: 560 km²

Kraftpotensial: 66 GWh (II B).

Vernegrunnlaget er Naturvitskaplege interesser: Variert geologi, med hyppige vekslingar mellom elv og vatn. Av spesiell interesse er Herringelva som frå dei store myrene i Herringbotnet og fossefalla frå Hevelen meandrerer gjennom lausmassane i Herringdalføret.

Friluftsinteresser m.v.: Vassdraget er av dei beste lakse- og sjøaureelvane i distriktet, det ligg sentralt til for utfart frå Mosjøen og Helgeland elles.

Det er sterke jordbruks- og skogbruksinteressar knytt til vassdraget. Området er viktig for reindrifta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Mattilsynet friskmelder ni elver (28.9.2017)