Futahuillimapu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Futahuillimapu eller Fütawillimapu er eit tradisjonelt territorium til huilliche-folket. Futahuillimapu spenner over landet mellom Bueno-elva og Reloncavíbukta i Los Lagos-regionen.[1] Nedre delen av Bueno-elva er grenseelv mot Los Ríos-regionen i nord. Futahuillimapu betyr «det store landet i sør.»[1]

Tilbake på 1700-talet, då dette territoriet framleis var fritt for utanlandsk herredømme, budde såkalla cunco-folk i den vestlege delen, tilsvarande Cordillera de la Costa og høgare område der, medan dei eigentlege huilliche budde i lågland i den austlege delen som svarar til Valle Central i Chile.[1]

Etter øydelegginga av dei sju byane i Osorno i 1602, heldt heile området mellom Valdivia og busetjingane Calbuco og Carelmapu ved Chacaosundet fram som uavhengige urfolksterritorium og stengt for spanjolane. Spanjolene hadde derfor lite informasjon om dette territoriet og måtte stole på rykte.[2] Denne mangelen på konkret kunnskap om territoriet førte til spekulasjonar om den mytiske byen til cæsarane.[2]

Området vart herja av ein spansk milits i 1792.[1] Året etter vart parlamentet i Las Canoas for spanjolar og huilliche-folk halde. I dette offisielle møtet måtte dei lokale høvdingane akseptere innlemminga av Futahuillimapu i det spanske imperiet og tillèt spanjolane å bygge opp att byen Osorno.

Etter det blei huilliche-land ettertrakta av dei siste nybyggjarane. Kjøp av land vart sjeldan stogga av den lokale guvernøren.[3]

Desse nybyggjarane fekk selskap av tysk kolonisering av områda rundt Valdivia, Osorno og Llanquihue.[3] Tapet av Huilliche-folket til land på 1800-talet var ofte relatert til svindel, språkbarrierar og mangel på juridiske rammeverk.[3] Huilliches-folk som budde i sentraldalen migrerte til kystregionen av Osorno-provinsen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Alcamán, Eugenio (1997). «Los mapuche-huilliche del Futahuillimapu septentrional: Expansión colonial, guerras internas y alianzas políticas (1750-1792)» (PDF). Revista de Historia Indígena (på spansk) (2): 29–76. 
  2. 2,0 2,1 Urbina C., María Ximena (2017). «La expedición de John Narborough a Chile, 1670: Defensa de Valdivia, rumeros de indios, informaciones de los prisioneros y la creencia en la Ciudad de los Césares» [John Narborough expedition to Chile, 1670: Defense of Valdivia, indian rumours, information on prisoners, and the belief in the City of the Césares]. Magallania 45 (2): 11–36. doi:10.4067/S0718-22442017000200011. Henta 27 December 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Rumian Cisterna, Salvador (17. september 2020). Gallito Catrilef: Colonialismo y defensa de la tierra en San Juan de la Costa a mediados del siglo XX (M.Sc. thesis) (på spansk). University of Los Lagos. 
  4. Concha Mathiesen, Martín (1998). Una mirada a la identidad de los grupos huilliche de San Juan de la Costa (Thesis). Universidad Arcis.