Futhark
| Den eldre futharken | |||
| Type | Alfabet | ||
|---|---|---|---|
| Periode | 1./2. hundreåret–1100-/1200-talet | ||
| Språk | Norrønt, andre germanske språk | ||
| Avstamming | Fønikisk Gresk Gammelitalisk Latinsk | ||
| Unicode | 16A0 - 16FF | ||
Futhark er eit namn på runealfabet etter dei seks fyrste teikna i runerekkja: f, u, þ (th), a, r og k.[1]
Namnet «futhark» er ein nyare konstruksjon som stammar frå byrjinga av den eldre futharken på 24 teikn.[2] Denne byrjinga går i stor grad att i seinare runerekkjer, og desse blir også ofte omtalte som futharkar og ikkje som alfabet.[3]
Fram mot 800-talet blei den eldre futharken, òg kalla den eldre runerekkja, erstatta av den yngre futharken eller den yngre runerekkja. Denne runerekkja inneheldt 16 teikn.
Den eldre futharken
[endre | endre wikiteksten]Den eldre futharken er også kjend som den urnordiske, urgermanske eller samgermanske futharken og var i bruk hjå alle germanske folk. Ei av de eldste runeinnskriftene, og truleg den eldste kjente i Noreg, blei funnen på ein spydspiss frå Øvre Stabu på Toten. Innskrifta lyd raunijaR («utfordrar», «reynar») og stammer frå om lag 200 e.Kr. I Sverige er det funne futharkar som i prinsippet er fullstendige på Kylversteinen frå Gotland, datert til rundt 400 e.Kr., som kan vera den eldste kjende futharken i verden. Vadstenabrakteaten frå Östergötland er noko senere, rundt 450-550 e.Kr., Mariedammbrakteaten frå Närke frå omtrent same tid, og Grumpanbrakteaten frå Västergötland er frå 500 e.Kr. I Danmark finst det ufullstendige futharkar på Lindkærbrakteaten (400-650 e.Kr.), Gudmebrakteaten (400-650 e.Kr.) og kanskje også på den udaterte Roskildebrakteaten som blei funnen så seint som i 1997. På det europeiske fastlandet er det funne fire ufullstendige urgermanske futharkar: Den ungarske Aquincumspenna i Budapest (ca. 500 e.Kr.), Charnayspenna i Frankrike (ca. 520-570 e.Kr.), Brezapilaren i Bosnia (ca. 550 e.Kr.) og Beuchtespenna i Niedersachsen (ca. 560-590 e.Kr.).
Futharken frå Kylversteinen:
![]()
f u þ a r k g w h n i j p e/ï R/z s t b e m l ŋ d o ?.
Futharken frå Vadstenabrakteaten:
f u þ a r k g w : h n i j e/ï p R/z s : t b e m l ŋ o (d).
Futharken frå Grumpanbrakteaten:
f u þ a r k g w : h n i j e/ï p – – : t b e m l R o d.
Ein kjenner til rundt 300 innskrifter som nytter denne runerekkja. Dei fleste er frå den sørlege delen av Skandinavia.[4] Funna er generelt vanskelege å tolke. Gjennom futharkane frå Kylversteinen og Vadstenabrakteaten kunne runologane gjenskape den innbyrdes ordninga av runene og gjera inndelingar.[5]
Den yngre futharken
[endre | endre wikiteksten]
Den yngre futharken er ein redusert utgåve av den eldre futharken med 16 teikn. Den yngre futharken var i bruk frå omtrent år 800.
Futharken opptrer i nokre ulike variantar med forskjellig utforming av runeteikna. Dei to viktigaste variantane i Norden blir kalla for normalruner eller «danske runer», og kortkvistruner eller «svensknorske runer». Ein meir sjeldan variant er «stavlause runer», som fyrst var kjende berre frå Hälsingland og Medelpad.
Angelsaksiske runer
[endre | endre wikiteksten]
Angelsaksiske runer blei ordna i ein futhorc (også skrive fuþorc) omfatta 29 og seinare 33 teikna. Futhorcen blei truleg brukt frå 400-talet av. Det fint døme på futhorc-innskrifter på Themsensverdet, i Codex Vindobonensis 795, Otho-manuskriptet i Cotton-samlinga B.x og på Ruthwellkrossen.
Det angelsaksiske runediktet oppgjev følgjande teikn og namn: ᚠ feoh, ᚢ ur, ᚦ þorn, ᚩ os, ᚱ rad, ᚳ cen, ᚷ gyfu, ᚹ ƿynn, ᚻ hægl, ᚾ nyd, ᛁ is, ᛄ ger, ᛇ eoh, ᛈ peorð, ᛉ eolh, ᛋ sigel, ᛏ tir, ᛒ beorc, ᛖ eh, ᛗ mann, ᛚ lagu, ᛝ ing, ᛟ œthel, ᛞ dæg, ᚪ ac, ᚫ æsc, ᚣ yr, ᛡ ior, ᛠ ear.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Futhark» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Lisbeth Skogstrand. «Runene: det første skriftspråket». Norgeshistorie.no. Henta 17. september 2018.
- ↑ Terje Spurkland, Norwegian Runes and Runic inscriptions. Boydell Press 2005 (I begynnelsen var fuÞark, Cappelen 2001)
- ↑ Nationalencyklopedin (1995), Artikkelen «Runinskrifter», ISBN 91-7024-620-3
- ↑ Enoksen, Lars Magnar (1998, 2003): Runor. Historia, tydning, tolkning, Historiska Media, ISBN 91-88930-32-7
- Denne artikkelen bygger på «Futhark» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mars 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Runes» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2026.