Fuwayrit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 26°1′18″N 51°22′1″E
Fuwayrit
landsby
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Kommune Madinat ash-Shamal
Koordinatar 26°1′18″N 51°22′1″E
Folketal 1 333
Qatar location map.svg
Locator Red.svg

Fuwayrit er ein busetnad i Qatar i kommunen Ash-Shamal. Det er òg ein viktig stad for oljeindustrien i Qatar. Han var tidlegare ein av dei viktigaste byane nord i Qatar. Al Thani busette seg i byen på 1800-talet, før dei flytta til Al Bidda (dagens Doha).

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Kampane i 1828–1829[endre | endre wikiteksten]

I 1828 eller 1829 oppstod det ein konflikt mellom innbyggjarane i Fuwayrit og Doha etter at innfødde frå Fuwayrit plyndra ein familie med tette band til Al Thani-familien. Ein nevø av Thani bin Muhammed, kalla Khalfan bin Khalfan, arva ein stor pengesum etter faren, ein rik tawash (perlehandlar). Mor til Khalfan av Thani arva slik at dei kunne investere pengane på vegner av sonen. Då Khalfan vart gamal nok, fordelte Thani pengane, som no var blitt ein formue, til Khalfan og sonen hans Muhammed bin Thani.[1] Khalfan opna kort tid etter ein forretning i Fuwayrit. Spaninga auka mellom misunnelege lokale innbyggjarar og Khalfan, og det heile enda med at Khalfan vart robba for alle pengane sine.[2]

Etter å ha blitt plyndra gjekk han til Abdullah bin Ahmed Al Khalifa, ein representant for Bahrain i Qatar, men han hadde lite interesse i protestane til Khalfan sidan han broren hans, Salman, nettopp hadde døydde. Ein mann kalla Ali bin Amr Al Attiyah var til stade, og lovde å hjelpe han. Dei drog til Doha der dei klarte å få nok frivillige frå stammene Bani Malik, Al Soudan og Al Suluta.[2] Koalisjonen drog frå Doha og reiste til Fuwayrit med båt.

Då dei høyrte om styrken som var på veg, sa folket i Fuwayrit frå seg pengane dei hadde stole. Etter Thani bin Muhammed døydde, berre månader etter konflikten var over, flytta Khalfan og Muhammed til Doha.[2]

Slaget ved Fuwayrit[endre | endre wikiteksten]

Byen vart ofte vitja av herskaren av Bahrain, Muhammed bin Khalifa, som blanda seg inn i sakene i byen. I 1847 vart Isa bin Tarif, høvdingen for Al Bidda, overtydd om at Muhammed ønskte å få den nærliggande byen Zubarah under kontroll for å hindre framtidige åtak mot Bahrain frå kysten av Qatar.[3]

Den avsette herskaren i Bahrain, Abdullah bin Ahmed bin Khalifa, budde i Qatar i denne perioden. Etter å ha fått støtte frå wahhabiane i Najd, truga han med å okkupere Bahrain. I tillegg til støtten frå wahhabiane, svor Isa òg truskap til Abdullah. Dette fekk Muhammed bin Khalifa til å skrive eit brev til kaptein William Lowe, som var kaptein for marineskvadronen til Det britiske austindiske kompaniet, i november. Kaptein Lowe svarte på brev med eit krav om at Muhammed ikkje gjekk til kamp på sjøen, og åtvara han om at alle fartøy dei kom over nytta for krig, kom til å bli teken. Muhammed svarte med å skulde Isa og Abdullah for å skape ein krigsliknande atmosfære. Den 7. november 1847, skreiv Isa og dei under han til Samuel Hennel der dei fortalte om mistankane dei hadde om at Muhammed kom til å invadere nordaustkysten av Qatar.[4]

Isa og Mubarak bin Ahmed kom til Fuwayrit med soldatar den første veka av november for å forsvare kysten mot ein bahrainsk invasjon. Muhammed svarte med å sende sju små skip og 20 dhow-båtar og rykka fram mot Fuwayrit via Zubarah. Då spaninga auka sende britane fleire marinefartøy for å opprette ein blokade ved Al Bidda og skreiv åtvarande brev til Isa, Abdullah og Muhammed. Kort tid etter, gjekk generalen til Muhammed, Ali bin Khalifa, i land på kysten ved Al Khor med 500 bahrainske soldatar. Den bahrainske styrken hadde støtte av guvernørane i Al-Hasa og Qatif. Styrkane til Isa og Mubarak bin Ahmed utgjorde 600 soldatar.[5]

Det avgjerande slaget fann stad 17. november 1847 nær Fuwayrit. Styrkane til Isa vart slått etter han og åtti av mennene hans vart drepne. Etter å ha erklært sigeren, sende Muhammed krigsskipa sine for å angripe og øydeleggje Al Bidda, og flytte dei fleste av innbyggjarane til Bahrain. Etter dette flykta Abdullah til Iran, medan sonen Mubarak flykta til Najd med 200 av støttespelarane sine. Muhammed let 250 krigsfangar slå seg ned på Kishøya.[6]

Seint på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

I november 1879 var det ei masseforflytning av medlemmar frå Bu Kuwara-stamme få Doha til Fuwayrit.[7] Årsaka til flyttinga var spaningar mellom stamma og emir Jassim bin Muhammed, og vart sagt å ha blitt sett i gang av sjeiken i Bahrain. I 1881 fekk dei selskap av medlemmar frå Al Nuaim-stamma.[8]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Fuwayrit vart skildra av J.G. Lorimer i Gazetteer of Gulf of Persia i 1908:

«

Ein landsby på austsida av Qatarhalvøya, kring 15 km frå nordenden. Like nord for landsbyen ligg ein ås kalla Jabal-al-Fuwairat, som skil han frå den no fråflytta landsbyen Ghariyah, som òg ligg ved kysten. Landsbyen er omgjeve av tårn, men er ikkje heilt innmura og det er ingen portar. Husa kring landsbyen er bygde av stein og gjørme. Innbyggjarane i Fuwairat besstår av kring 100 hus frå Al Bu Kuwarah-stamma [Kuwari] og 50 frå Kibisah [Qubaisi]. Desse samfunna er delte frå kvarandre av ei gate, og dannar eit sørleg og nordleg kvarter. Innbyggjarane livnærer seg hovudsakleg av perledykking, men dei eig òg 20 hestar, 100 kamelar, 60 eslar og 80 kveg. Kring 35 perlebåtar (bemanna av 420 mann), ni andre havgåande fartøy og 12 fiskebåtar høyrer til staden. Her finst ingen butikkar. Zarka-brunnen, kring 1,5 km vest for landsbyen, har greitt vatn, medan godt vatn kjem frå brunnane Filihah og Ain Sinan, som ligg 3,5 og 6 km mot sørvest.[9]

»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Al-Attiyah, Hessa (2013). Reviving the Local Dialect in Qatar: An Issue of Linguistic Concern or Identity Politics?. Arab Center for Research and Policy Studies. s. 14. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Al-Attiyah, s. 15
  3. Rahman, Habibur (2006). The Emergence Of Qatar. Routledge. s. 95. ISBN 978-0710312136. 
  4. Habibur Rahman, s. 96
  5. Habibur Rahman, s. 97
  6. Habibur Rahman, s. 98
  7. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol I. Historical. Part IA & IB. J G Lorimer. 1915' [804] (959/1782)». Qatar Digital Library. Henta 6. februar 2017. 
  8. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol I. Historical. Part IA & IB. J G Lorimer. 1915' [805] (960/1782)». Qatar Digital Library. Henta 6. februar 2017. 
  9. {{cite web|url=http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023909214.0x00004c%7Ctitle='Gazetteer of Arabia Vol. I' [632] (675/1050)|publisher=Qatar Digital Library|accessdate=6. februar 2017, Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.