Fyldal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fyldal er ein matrikkelgard i Ørsta kommune, gardsnummer 24 i Ørsta. Han ligg i Follestaddalen, på vestsida av Storelva. Garden hadde fire bruk i fleire hundre år, i fyrste halvdelen av 1900-talet vart han delt i til saman sju bruk.

Mot nord grensar Fyldal mot den nærliggjande garden Langstøyl, i sør mot Rebbestad.

Fyrste utskiftinga av garden fann stad i 1869. Med grunnlag i fonnfaren vart ikkje klyngjetunet utflytt. Dette var ikkje oppløyst før enn etter ei ny utskifting vart avslutta i 1957. Garden hadde seter i Romedalen, kalla Kubbestøylen.

Fv 55 er tilkomst for Fyldal.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 27 personar (4 heimar)
  • 1865: 31 personar (4 heimar)
  • 1900: 31 personar (4 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øye, Asbjørn: Follestaddalen i farne dagar, Stend 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900