Fylkeskulturprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fylkeskulturprisen var Sogn og Fjordane sin eigen kulturpris. Denne vart delt ut kvart år til einskildpersonar, lag eller organisasjonar frå fylket som har vist evne og vilje til ein kulturinnsats ut over det vanlege. Føremålet med prisen var å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane.[1]

Hovudutvalet for kultur har vore ansvarleg for å kåre vinnaren og fastsetje kor stor prisen skal vere kvart år. Dette utvalet har delvis hatt avgjerdsrett, delvis rådgjevande funksjon til fylkesutvalet eller fylkestinget, og hadde 9 medlemmar frå ulike politiske parti.[2] Utdelinga av prisen skjedde i samband med fylkestingsamling kvart år.[3]

Prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

Oddvar Torsheim fekk Fylkeskulturprisen i 2007.
Foto: Eirik U. Birkeland
Tidlegare lanngrennsløpar Odd-Bjørn Hjelmeset mottok prisen i 2008.
Foto: Lennart Kjellman

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fylkeskulturprisen - Sogn og Fjordane Fylkeskommune, arkivert frå originalen 21. mai 2014, henta 13. november 2012 
  2. Hovudutvalet for Kultur - Medlemmar, arkivert frå originalen 3. november 2011, henta 13. november 2012 
  3. Retningsliner for tildeling av Fylkeskulturpris for Sogn og Fjordane [daud lenkje]
  4. Nedre Jølster Bilelag
  5. Fylkeskulturprisen til Sigrid Terese Moldestad
  6. Fylkeskulturprisen 2011 går til Kari og Claus Kvamme[daud lenkje]
  7. Teaterfestival tok imot fylkeskulturprisen
  8. Tok imot den siste fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]