Fylkesvåpen i Noreg

Fylkesvåpena i Noreg er heraldiske merke som blir brukte som kjenneteikn og symbol for kvart av dei 18 fylka i Noreg. Vedtaka om fylkesvåpena skjer i fylkestinget til det gjeldande fylket.
Dei norske fylkesvåpena er prega av ein konsekvent flatestil. Motiva som er valde, er sentrale i heraldikken og speler samtidig på historia til fylka. Dei fleste norske fylkesvåpena er teikna av heraldikaren Hallvard Trætteberg, som allereie i 1930-åra hadde utarbeidd framlegg til våpen for fylkeskommunane og gjeve dei ut med kommentarar i bokform. Det første fylkesvåpenet vart teikna av Trætteberg i 1957, og høyrde til Nord-Trøndelag fylke. Vidare har han teikna fylkesvåpena til Østfold, Vestfold, Telemark, Rogaland, Nordland, Troms og Finnmark.
Fylkesvåpenet til Oslo — eller byvåpenet, som Oslo kommune sjølv kallar det — skil seg ut ved ikkje å vera eit heraldisk våpen, men eit mangefarga segl. Den noverande teikninga vart vedteke i 1924 til 300-årsferinga for grunnlegginga av Christiania. Fargane vart fastsette i «Designhandbok for Oslo» i 1990-åra. Ved byjubileet i 2000 innførte kommunen eit nytt flagg med byseglet på blå duk. Det er ikkje godkjent av Kongen og difor i strid med Lov av 29. juni 1933 om flagging på kommunale bygningar.
Fylkesvåpenet til Oppland er teikna av Arvid Sveen og var godkjent i 1989. Dette var det siste norske fylkesvåpenet som vart godkjent, og dermed hadde alle dei norske fylka fått sitt eige våpen.
Stortinget vedtok 8. juni 2017 samanslåing av fleire fylke. Samstundes er ordninga med at Riksarkivet skal gje råd om all offentleg heraldikk avvikla. Dei nye fylke som vert til i 2020, får uheraldiske våpen, eigentleg logoar, ettersom dei er utforma av amatørar. Dei kan ikkje som dei eldre fylkesvåpna blasonerast.
Fylkesvåpena i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Østfold fylke
(Godkjent 1958)
Motiv: På rød bunn en gull tredelt solstråle skrått oppad.[1]Akershus fylke
(Godkjent 1987)
Motiv: I blått en sølv trappegavl.[2]Oslo fylke
(Godkjent 1624)
Motiv: St. Hallvard med helgenrelikvier; tre piler og en møllestein.[3]Hedmark fylke
(Godkjent 1987)
Motiv: I grønt tre oppvoksende sølv barkespader.[4]Oppland fylke
(Godkjent 1989)
Motiv: I grønt en sølv mogop.[5]Buskerud fylke
(Godkjent 1966)
Motiv: På sølv bunn en opprett blå bjørn.[6]Vestfold fylke
(Godkjent 1970)
Motiv: På rød bunn en gull kongekrone.[7]Telemark fylke
(Godkjent 1970)
Motiv: På gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks.[8]Aust-Agder fylke
(Godkjent 1958)
Motiv: På rød bunn to gull bjelker.[9]Vest-Agder fylke
(Godkjent 1958)
Motiv: På grøn botn ei gull eik.[10]Rogaland fylke
(Godkjent 1974)
Motiv: På blå bunn et sølv svevende utskrådd kors med spiss fot.[11]Hordaland fylke
(Godkjent 1961)
Motiv: På raud botn to krosslagde gulløkser med gullkrone over.[12]Sogn og Fjordane fylke
(Godkjent 1983)
Motiv: På sølv grunn tre blå spissar mot venstre.[13]Møre og Romsdal fylke
(I bruk frå 1978)
Motiv: På blå botn tre gull vikingskip sett frå framsida.[14]Trøndelag fylke
(Godkjent 1957)
Motiv: På sølv bunn et utbøyd gull kors.[15]Nordland fylke
(Godkjent 1965)
Motiv: På gull bunn en svart båt med mast og råseil.[16]Troms fylke
(Godkjent 1960)
Motiv: På rød bunn en gull griff.[17]Finnmark fylke
(Godkjent 1967)
Motiv: På svart bunn en gull borg.[18]
Tidlegare fylkesvåpen[endre | endre wikiteksten]
Sør-Trøndelag fylke
(1983–2017)
No del av Trøndelag
Motiv: I gull to korslagte røde økser belagt med en rød korsstav.[19]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «kommunevåpen» i Store norske leksikon, snl.no.
- «Kunst ved kongelig resolusjon». Riksarkivet. Henta 30. september 2015.
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Østfold Lovdata
- ↑ Fylkesvåpenet Akershus fylkeskommune
- ↑ Oslo byvåpen - opprinnelsen til og utformingen av Oslos byvåpen Aktiv i Oslo
- ↑ Godkjenning av våpen og flagg, Hedmark fylkeskommune Lovdata
- ↑ Godkjenning av våpen og flagg, Oppland fylkeskommune Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Buskerud fylke Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Vestfold Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Telemark Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Aust-Agder. Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Vest-Agder Lovdata
- ↑ Forskrift om godkjennelse av fylkesvåpen og fylkesflagg, Rogaland Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Hordaland fylke Lovdata
- ↑ Godkjenning av våpen og flagg, Sogn og Fjordane fylkeskommune Lovdata
- ↑ Møre og Romsdal Store norske leksikon
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Nord-Trøndelag Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Nordland fylke Lovdata
- ↑ Forskrift om fylkesvåpen og fylkesflagg, Troms fylke Lovdata
- ↑ Forskrift om flagg og våpen, Finnmark fylke Lovdata
- ↑ Godkjenning av våpen og flagg, Sør-Trøndelag fylkeskommune Lovdata