Fylkesveg 304 i Troms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg fylkesveg 304 (fleirtyding).

Fylkesveg 304 i Troms går mellom Hansnes og Grunnfjord på Ringvassøya i Karlsøy kommune. Vegen er 13,9 km lang.

Vegen startar ved Hansnes, administrasjonssenteret i Karlsøy kommune, som ei direkte vidareføring av fylkesveg 863. Han held fram herfrå nordover langs austsida av Ringvassøya, gjennom den stort sett ikkje-busette nordlege delen av Langsundet, som gradvis svingar mot vest og går over i Vassundet. Ved Storneset snur vegen sørover og inn i Grunnfjorden. Vegen går gjennom bygda Grunnfjord, som ligg langs austsida av fjorden, frå Storneset og heilt inn til vegenden ved garden Utheim inst i fjordbotnen. Frå slutten av fylkesvegen held ein nedlagt og delvis forfallen vegstubb fram kring ein kilometer vidare utover langs vestsida av fjorden.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Karlsøy

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]