Fylkesveg 305 i Troms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg fylkesveg 305 (fleirtyding).
Hamna i Torsvåg.

Fylkesveg 305 i Troms går mellom Torsvåg og Kristoffervalen på øya Vanna i Karlsøy kommune. Vegen er 57,2 km lang.

Vegen startar ved bygda Kristoffervalen på Lille Skorøya på austsida av Vanna. Han går deretter inn på sjølve Vanna og fylgjer sjøkanten over heile strekninga langs aust-, sør- og vestkysten av øya. Undervegs passerer han alle bygdene på øya (utanom Burøysund, som ligg ved Fv306 på nordaustsida), derav dei største er Vannvåg, Hamre, Vannareid og til slutt fiskeværet Torsvåg, som ligg på den vesle øya Kåja på Vannas nordvestlegaste spiss. Frå Skåningsbukta på sørsida av øya går det ferje over Vassundet til HansnesRingvassøya.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Karlsøy komm.svg Karlsøy

  • Endepunkt Koja, Torsvåg
  • Fv306 frå Vannareid til Burøysund (6,0 km)
  • 863 Skåningsbukt → ferje
  • Endepunkt Kristoffervalen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]