Fylkesveg 571
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 571 (fleirtyding).
571 | |||
Strekning | |||
---|---|---|---|
Kringla i Gulen – Mollandeid i Masfjorden | |||
Informasjon | |||
Lengd | 19,4 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Fylke | Vestland | ||
Tilstøytande vegar | |||
![]() |
Fylkesveg 571 (Fv571) går mellom Kringla i Gulen kommune og Mollandseid i Masfjorden kommune, med ein arm frå Krossleitet til Solheim.
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og traséen til Fylkesveg 571 står av fylgjande gamle fylkesvegar:[1]
- Fylkesveg 5 i Sogn og Fjordane mellom Kringla og den gamle fylkesgrensa mot Hordaland ved Geirevatnet (1,5 km)
- Fylkesveg 379 i Hordaland mellom Mollandseid og den gamle fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane ved Geirevatnet, inkludert ein arm til Solheim (17,9 km)
Traséen Kringla - Krossleitet - Solheim var ein del av Europaveg 39 fram til Jernfjelltunnelen vart opna i 1989. Sidan er vegen brukt som omkøyringsveg.
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]Kringlevegen
Kringlevegen
- Krossleitet
Masfjordvegen
- Eikemofoss
Eikemofosstunnelen (165 m)
Lauviktunnelen (156 m)
- 570 Mollandseid
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.