Fylkesveg 5912

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Store-Standal
Foto: Johan Simon Seland

Fylkesveg 5912 i Møre og Romsdal går langs Hjørundfjordstranda mellom Festøya og Store-Standal i Ørsta kommune. Vegen er 15,7 km lang. Vidare er ferjestrekninga Store-Standal, Trandal, Lekneset og medrekna i Fylkesveg 5912.

Vegen mellom Festøya og Store-Standal vart opna for trafikk 28. mai 1966.[1] Delstrekninga på om lag 5 km mellom Store-Standal og Ytre-Standal vart opna hausten 1956[2] .

Før 1. januar 2010 vart vegen kalla fylkesveg 65 i Møre og Romsdal.[3]Og fram til 2019 vart vegen kalla Fylkesveg 70 i Møre og Romsdal[4] Ferjestrekninga vart ein del av Fylkesveg 5912[4].

Vegen er svært rasutsett, men har etter kvart fått fonnvern på dei fleste farlege punkta.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Ørsta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt, Ørsta 1993 ISBN 82-991200-5-5 side 374

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannes Festøy:Ferjetrafikken over Festøy. Minne frå Vartdalsstrand Årsskrift 2008.
  2. Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt, Ørsta 1993 ISBN 82-991200-5-5 side 374
  3. «Vegen og Vi nr. 9 2009: «Fylkesveger som får nytt vegnummer fra 1.1.2010» (s. 6)». 
  4. 4,0 4,1 «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]