Fylkesveg 691 i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg fylkesveg 691 (fleirtyding).
Vegen tek av frå fylkesveg 615 ved Å bru.

Fylkesveg 691 i Sogn og Fjordane går mellom Å bru og Gjengedal i det austre dalføret i Hyen i Gloppen kommune. Vegen er 10,5 km lang.

Vegen i Austredalen vart bygd mellom 1890 og 1898.[1] Ved Laksehammaren ved Ommedalsvaten vart det utført sprenging av stein i samband med vedlikehaldsarbeid, og det førte til eit ras som tok med seg delar av vegen.[2] Seinhausten 2004 vart det bygd ein tunnel gjennom Laksehammaren.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Gloppen

  • 615 Å bru
  • tunnel Lakshammartunnelen (120 m)
  • Ommedal
  • Arm frå Gjengedal bru til Mjelleim (2,5 km)
  • Kommunal veg frå Gjengedal til Dalheim (2,5 km), privat veg (bomveg) vidare til Gjengedalsstøylen ved Storevatnet

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kristin Ese: På god veg - Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja Forlag, Førde 2007. ISBN 978-82-91722-70-2, s. 281
  2. NRK: Sprengde sund vegen (27. april 2004)

Bakgrunnnstoff[endre | endre wikiteksten]