Fylkesveg 78

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg fylkesveg 78 (fleirtyding)
Fylkesveg 78
78
Strekning
Stormoen i Leirfjord – Mosjøen
Fylkesveg 78
Informasjon
Lengd 45 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 78

Fylkesveg 78 (Fv78) er vegstrekninga som går mellom krysset ved E6 på Kulstadsjøleira utanfor Mosjøen og krysset mot fylkesveg 17 ved Stormoen i Leirfjord kommune. Strekninga er eit tverrsamband mellom indre og ytre delar av Helgeland og er ca. 45 km lang. Vegen følgjer nordsida av Vefsnfjorden og er stadvis særs smal og svingete. Toventunnelen gjennom Tovenfjellet i Vegpakke Helgeland opna i 2014.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter forvaltingsreforma dette året fekk han status som fylkesveg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vegen mellom Kulstad og Rynes vart bygd før 1880. Mellom 1901 og 1908 vart vegen bygd vidare til Forsmo. Veganlegget frå Drevja til Leirfjord vart starta på 1930-talet og opna i 1962.

Tunnelprosjektet gjennom Tovenfjellet vart vedteke av fylkestinget Nordland i februar 2008[1] og i Stortinget 10. desember 2009[2]. Første entreprise på sprenging av den over 10 km lange Toventunnelen vart tildelt Hæhre Entreprenør med byggjestart i veke 3 2010.[3] Førebuande arbeid starta 4. januar. Toventunnelen vart opna 22. november 2014.[4][5]

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Nordland [endre | endre wikiteksten]

Leirfjord

Tovveien

  •  
17 Leirfjordveien frå Nesåshøgda mot ferje Tjøtta–ForvikFylkesveg 78 i Steinkjer
  • bru Ranelva bru (Ranelva, 68 m)
  •  
Fv7310 Tovåsveien frå Leirmyran til 17 Tovås
  •  
Fv7312 Vatnveien frå Nilslaenget til Fv7314 Leiren, og til Kalvlandet
  • bru Leirelva bru (Leireiva, 42 m)
  • , (AutoPass)


Vefsn
Anleggsområde for ny veg ved Drevja kyrkje i 2011.

Utan namn

  • Arm til Brattli (0,1 km)
    •  
    Fv7318 Drevjavegen frå Brattli mot Holandsvika
  • Arm til Ømmervatnet (8 km)
  • Ømmervassvegen
  • Drevjamoen
    • bru Dambekken bru (Komra, 41 m)
    • bru Ømmervatn bru (Hattelva, 51 m)
    •  
    Fylkesveg 78 Luktvassvegen frå Ømmervatnet mot Fylkesveg 78 Mo i Rana
    • bru Komra bru (Komra, 32 m)
    •  
    Kv Forsmovegen til Fv7320 Forsmoen (3,1 km)
    •  
    Fv7320 Forsmovegen frå Forsmoen til Fv7318 Straum
    •  
    Fv7330 Brattbakkvegen frå Håvardremma til Fylkesveg 78 Baåga bru
    •  
    Fv7318 Fjordvegen frå Holandsvika via Brattli til Fv7316 Elsfjord

    Fjordvegen

    Mosjøen
    •  
    Fylkesveg 78 Vollanvegen frå Halsøya mot Ømmervatnet

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. Behandling i Fylkestinget[daud lenkje]
    2. Stortingsbehandling
    3. Våre Veger, arkivert frå originalen 27. desember 2009, henta 24. mai 2010 
    4. Byggfakta: Snart åpner Nord-Norges lengste tunnel Arkivert 29. oktober 2014 på Wayback Machine.
    5. Indsetviken, Emil H. (22. november 2014). «Her åpner Nord-Norges lengste tunnel». NRK (på norsk bokmål). Henta 17. februar 2022. 
    • Erling Svanberg: Langs veg og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]