Fylkesveg 858
Utsjånad
Fylkesveg 858 | |||
---|---|---|---|
858 | |||
Strekning | |||
Tømmerelvbrua i Balsfjord – Eidkjosen i Tromsø | |||
Informasjon | |||
Lengd | 82,9 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
- Sjå òg fylkesveg 858 (fleirtyding)
Fylkesveg 858 (Fv858) går mellom Eidkjosen i Tromsø kommune og Tømmerelvbrua i Balsfjord kommune. Vegen er 82,9 km lang utanom ferjestrekninga.
Vegen går nordover på vestsida av Balsfjorden forbi Storsteinnes til Nyvik, deretter vestover langs Nordfjorden til Mestervik, deretter over til Balsfjorden igjen og vidare nordover langs vestsida til Vikran der det går ferje over Straumsfjorden til Larseng på Kvaløya. Frå Larseng går vegen vidare på austsida av Kvaløya til Eidkjosen.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]- 862 Eidkjosen
- Kommunal veg frå Eidjordneset via Håkøybrua (330 m) til Håkøya
- Håkøybotn
- Fv54 frå Larseng til 862 Brensholmen (Hillesøy) (38,2 km)
- Ny undersjøisk vegtunnel under bygging han er ikkje namngjeven enno. Prosjektet heiter Ryasambandet, og er venta ferdigstilt hausten 2011.
Han vil erstatte;
- Ferje frå Larseng på Kvaløya (for det meste 1 tur/time, 15 min)
- til Vikran på fastlandet.
- Fv286 Vikran
- Fv288 frå Nordbyvatnet til Fv286 Sand (15,2 km)
- Fv286 frå Oldervik til Vikran
- Meistervik
- Fv184 frå Solbakken til 854 Kjellmoen i Målselv kommune
- 859 Nyvik
- Fv283 frå Bukta til Fv184 Aursfjord (24,6 km)
- Fv296 frå Storsteinnes til Myre (12,8 km)
- Fv281 frå Sagelv til Sætervang (5,1 km)
- Tømmerelvbrua