Fylkesveg 868 i Nordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg fylkesveg 868 (fleirtyding)

Fylkesveg 868 i Nordland går mellom Trivatnet ved Raftsundbrua i Hadsel kommune og Holand i Vågan kommune. Vegen fylgjer austsida av Raftsundet og er 29,6 km lang.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brubrekktinden med fylkesveg 868 sett mot nord, september 2010.
Foto: Simo Räsänen
Digermulen ferjekai, september 2010. Søre del av Raftsundet i bakgrunnen.
Foto: Simo Räsänen

Vegen mellom Digermulen og Kongselv vart opna i 1976. Frå Kongselv var det ferjesamband til Hanøy og Kaljord. Då fyrste del av Lofotens fastlandssamband, E10, vart opna frå Fiskebøl til og med Raftsundbrua i 1998, vart fylkesvegen langs Raftsundet bygd vidare frå Kongselv til Raftsundbrua, og bygdene på austsida av Raftsundet fekk dermed ferjefritt vegsamband til Svolvær.

Ferjesambandet frå Digermulen til Finnvika på Store Molla vart opna i 2001, etter at det var blitt bygd veg på vestsida av Store Molla. Før det hadde det vore ferjesamband frå Digermulen til Svolvær via Ulvåg og Brettesnes på Store Molla.

Vegen frå Holand til Storfjell stod ferdig i 1998.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Hadsel komm.svg Hadsel

  • Fylkesveg 868 i Nordland Trivatnet
  • Arm til Kongselva (0,4 km)
  • Kommunal veg frå Kongselv til Kongsmarka (2,4 km)

Vågan komm.svg Vågan

  • Arm til Digermulen kai (0,1 km)
  • Fv872 frå Reinskaret til Sandnes (2,4 km)
  • Kommunal veg til Holandshamn (0,3 km)
  • Endepunkt Holand, køyrbar veg vidare til Storfjell

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]