Fylkesveg 894

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesveg 894
894
Strekning
Rundvatnet i Gamvik – Kjøllefjord i Lebeby
Fylkesveg 894
Riksveier Finnmark.svg
Informasjon
Lengd 22,4 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar

Fylkesveg 894 (Fv894) går mellom Rundvatnet i Gamvik kommune og Kjøllefjord i Lebesby kommune i Finnmark. Vegen er 22,4 km lang.

Fram til fylkesveg 888 over Hopseidet vart bygd, var dagens riksveg 894 vegsambandet til Nordkinnhalvøya. Vegen gjekk då frå Kalak med ferje til Kifjord og via Oksevågdalen og Rundvatnet til Mehamn. Etter at nyvegen kom, gjekk ferja mellom Kalak og Kifjord ein periode som beredskapsferje når vegen over Hopseidet var stengd på grunn av uvêr, men ferjesambandet er i dag heilt nedlagt. Strekninga til ferjeleiet på Kalak er nedgradert til kommunal veg, medan strekninga Kifjord-Oksevågdalen er nedgradert til fylkesveg.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Finnmark våpen.svg Finnmark [endre | endre wikiteksten]

Gamvik kommune
Lebesby kommune

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]