Fyllekøyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Promillekontroll i Tyskland
Bil krasja på grunn av køyring i påverka tilstand

Fyllekøyring (ofte omtalt som Køyring i påverka tilstand eller promillekøyring) er når ein person som har sett til livs alkohol eller eit anna rusande middel (mest praktisk narkotika) set seg bak rattet i eit køyretøy og køyrer det. Omgrepet brukast om føring av alle motoriserte køyretøy i ruspåvirka tilstand, som bilar, skip og luftfartøy med meir. Juridisk sett er definisjonen "køyring av bil i påverka tilstand" til stades allereie når ein gjer forsøk på å starta bilen.

Det kriteriet som vert brukt i lova for den tilstanden ein ikkje kan vera i ved føring av motoriserte køyretøy er «påverka». Ulike land har hatt ulike måtar å vurdera dette på. Vanlegvis har vurderingane gått på om ein har vore synleg rusa. Utprøving har gått på om ein kunne følgja ein rett strek, finna nasetippen og lignande. I tillegg har dei fleste land ei fast grense for når ein uansett skal sjåast på som påverka - berekna ut frå alkoholkonsentrasjonen i blodet. Dette vert mælt ved hjelp av ei blodprøve: «promilleprøve». Som førebels prøve vert brukt måling av utpustluft – ein promilletest. Desse testane vert ikkje rekna for pålitelege nok til at ein slik test åleine kan gje fellande dom ved spørsmål om lavpromille. I Noreg er definisjonen "påverka" i samband med bilkjøring dersom ein har «større alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,2 promille eller ei alkoholmengd i kroppen som kan føra til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller større alkoholkonsentrasjon i utåndingsluften enn 0,1 milligram per liter luft» (Vegtrafikkloven § 22).[1] Grensa var på 0,5 før ein lovendring som tredde i kraft 1. januar 2001. 0,2 er òg grensa ved føring av skip som er 15 meter eller lenger, og luftfartøy.[2]

Etter norsk rett kan ein heller ikkje drikka alkohol eller bruka bedøvande eller rusande middel før seks timar etter at køyringa tok slutt, dersom ein etter køyringa burde forstå at det kan verta politietterforskning på grunn av køyringa, jf vegtrafikkloven § 22 andre ledd. Dette vil typisk vera dersom ein har vore involvert i eit trafikkuhell.

Det har vore gjort undersøkingar om kor mykje alkohol som skal til før ein kan mæla påverknaden. Bilsimulatortester viser at reaksjonsevna vert målbart endra frå ca. 0,15 promille. Omtrent på same nivå får ein problem med å oppfatta situasjonar og handla deretter. Om lag på 0,5 promille treng ein ikkje fine målingar for å registrera svekkelsen, og over dette er alle dårlegare sjåførar enn dei vanlegvis elles er.

Nokre yrkesgrupper har lenge vore pålagd fråhald frå alkohol og andre rusmiddel i tenesta, og i dei siste 8 timane før tenesta byrjar, dersom dei i sin stilling fører motorvogn, skip eller luftfartøy.[3][4][5]


Døme på straff for fyllekøyring[endre | endre wikiteksten]

I 2010 vart ein mann frå ØrstaSunnmøre i Noreg dømt for å ha køyrt ein grasklippar i alkoholpåverka tilstand. Alkoholinnhaldet i blodet etter køyringa vart mælt til 2,3 promille. Mannen fekk 50 000 kr i bot, 21 dagar betinga fengsel og miste førarkortet i 11 månader.[6]

I november 2017 vart den rikaste kvinne i Noreg, Katharina Andresen dømd til å betale 250.000 kroner i bot og 18 dagar betinga fengsel og å mista førarkortet i 18 månader for å ha køyrt bil i alkoholpåverka tilstand. Alkoholinnhaldet i blodet hennar etter køyringa vart mælt til 0,61 promille. Skattelistene i Noreg fortel at ho hadde 7,7 milliarder kroner i formue. Påstanden om størrelsen på bota var difor ein million kroner i byrjinga av rettssaka[7].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vegtrafikkloven: § 22. Ruspåvirkning av motorvognfører». 
  2. «Fra 1. januar 2001: Promillegrensen senkes fra 0,5 til 0,2». 22. september 2000. 
  3. Løyve om pliktmessig hald for personar i visse stillingar frå nytelse av alkohol eller anna rusande eller bedøvande middel
  4. Sjøloven § 144
  5. Luftfartsloven § 6-11
  6. Verda si Gang - Dømt for fyllekjøring med grasklipper
  7. https://www.seher.no/kjendis/katharina-andresen-ma-betale-250000-etter-fyllekjoring/68890184