Hopp til innhald

Fyr & Flamme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyr & Flamme
Aktiv2020–
Sjangerpop

Fyr & Flamme er ein dansk sangduo som består av songaren Laurits Emanuel og songaren og skodespelaren Jesper Groth. Duoen fekk suksess i 2020 med låtane «Menneskeforbruger» og «Kamæleon».[1] Duoen er kjend for sine danskspråklege tekster og sitt 1980-talsinspirerte lydbilete.[2]

I mars 2021 vann Fyr & Flamme Dansk Melodi Grand Prix med låten «Øve os på hinanden», og fekk dimed representere Danmark i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1][3][4] Duoen enda på ellevteplass i sin semifinale og nådde difor ikkje finalen.[5]

  1. 1,0 1,1 Kendte navne, nye stjerner - og et vildt comeback: Hør alle sangene i Dansk Melodi Grand Prix 2021 (på dansk), 10. februar 2021, henta 7. mars 2021 
  2. Fyr Og Flamme - Denmark - Rotterdam 2021 (på engelsk), henta 22. mai 2021 
  3. Modigt eller problematisk? Grand Prix-vinder overrasker med beslutning om at synge på dansk (på dansk), 7. mars 2021, henta 7. mars 2021 
  4. Denmark warms to Fyr & Flamme (på engelsk), 6. mars 2021, henta 7. mars 2021 
  5. Eurovision 2021 Semi-final 2 Results, henta 22. mai 2021