Hopp til innhald

Fyresdal flyplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyresdal flyplass

Tårnet på Fyresdal flyplass

Foto: Cocu

ICAOENFY
StadFyresdal kommune Sjå dette på Wikidata
Høgd986 ft / 300,5 m o.h.
Koordinatar59°12′00″N 008°05′00″E / 59.20000°N 8.08333°E / 59.20000; 8.08333
Kart
Fyresdal flyplass
59°12′14″N 8°05′17″E / 59.2039°N 8.0881°E / 59.2039; 8.0881

Fyresdal flyplass ligg rett nord for tettstaden Fyresdal i Fyresdal kommune i Telemark.

Flyplassen vart opna 23. september 1967 og hadde ei stund landingar frå Fjellfly og Cimberair.

Flyplassen er godkjent for småfly med inntil ni passasjerar og vekt inntil 5700kg. ENFY er berre godkjent for operasjonar i dagslys. Det var tidlegare rullebanelys, men dette er ikkje lenger i bruk. I 2009 er Fyresdal Aeroklubb stifta, og har avtale med kommunen om drift av flyplassen.

AVGAS er ikkje tilgjengeleg. Nærmaste flyplassar med Avgas: ENSN (Skien, Geiteryggen), ENNO (Notodden), ENCN (Kristiansand, Kjevik), ENGK (Arendal lufthamn, Gullknapp). Det finst ein Statoilstasjon 300 meter frå hangarområdet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]