Fyrstbispedømet Liège

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Principauté de Liége (fr)
Prinsbisdom Luik (nl)
Fürstbistum Lüttich (ty)
Principåté d' Lidje (va)
Fyrstbispedømet Liège
Kyrkjeleg stat i Det tysk-romerske riket
980–1795

Våpenet til Liege

Våpen

Plasseringa til Liege
Plasseringa til Liege
Fyrstbispedømet Liège kring 1350.
Hovudstad Liège
Språk Fransk, nederlandsk, tysk, vallonsk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Fyrstedøme
Fyrstbiskop
 - 340-åra–384 St. Servatius (første biskop, ved Maastricht)
 - om lag 670-700 St. Lambert (ved Maastricht)
 - 972–1008 Notger (første fyrstbiskop)
 - 1792–94 François-Antoine-Marie de Méan (siste)
Historisk periode Mellomalderen
 - Bispedømet oppretta 340-åra
 - Fekk verdsleg makt 980
 - Kjøpte herredømet
    Bouillon

1096
 - Annekterte Loon 1366
 - Annekterte Horne 1568
 - Liège-opprøret 1789–95
 - Opphøyrde 1795
 - Konkordatet aksepterer
    deling av bispedømet

Fyrstbispedømet Liége (fransk Principauté de Liége, nederlandsk Prinsbisdom Luik) var mellom 980 og 1795 eit lite, omtrent 8000 km² stort, katolsk monarki i dagens Belgia og Nederland. Språka som vart brukte var nederlandsk og fransk, og hovudstaden var Liège. Liège var ein del av Det tysk-romerske riket, ikkje Den burgundiske rikskrinsen som ein del av dei omliggande områda høyrde til, men (frå 1500) den nederrhinsk-westfalske. Som namnet seier vart han leia av ein fyrstbiskop, ein biskop som samstundes var verdsleg herskar, ein fyrste. Liège omfatta den største delen av provinsane Liège og belgisk Limburg, og nokre eksklavar.

På 900-talet fekk biskopen av Liège sekulær makt over delar av bispedømet, og i åra som følgde vart det stadig utvida med nye landområde. Til dømes vart det utvida i 1096 med hertugdømet Boullion som vart overdrege til Frankrike i 1678. Fyrstbispedømet vart oppløyst og fordelt i ulike franske departement då det vart erobra av Frankrike i 1795.

Dei viktigaste byane i Liége (fransk bonnes villes) var Liège, Beringen, Bilzen, Borgloon, Bree, Châtelet, Ciney, Couvin, Dinant, Fossast-la-Ville, Hamont, Hasselt, Herk-de-Stad, Huy, Maaseik, Peer, Sint-Truiden, Stokkem, Thuin, Tongeren, Verviers, Visé og Waremme. Retten til byen Maastricht var delt mellom fyrstbiskopen og hertugen av Brabant, rolla til hertugen i dette vart seinare overteke av Staten-Generaal i Nederland.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kart over fyrstbispedømet Liége i 1477.
Lambertus blir drepen av mennene til Dodon.
Sankt Lambertuskatedralen og fyrstepalasset (1700-talet)
Liéges perron reknast som eit symbol på byrettane borgarane i byen fekk av fyrstbiskopen.

Det første bispesetet til bispedømet låg i Tongeren, nordaust for byen Liége, og landområda fall då først under erkebispedømet Trier og seinare under erkebispedømet Køln. Etter første halvdelen av 300-talet fekk Tongeren sjølvstyre, grensene kom overeins med Civitas Tungrorum, og desse vart verande uendra fram til 1559.

Liège grensa då til erkebispedømet Utrecht i nord, Køln i aust, Trier og erkebispedømet Reims i sør og bispedømet Cambrai i vest. Bispedømet Tongeren strekte seg dermed frå området rundt Chimay i Frankrike til Stavelot, Aachen, Gladbach og Venlo i aust. I nord og vest rekte det frå breidda av Semois til Ekeren ved Antwerpen til midten av øya Tholen i Zeeland og vidare forbi Moerdijk i nord. Dette tyder at (fyrst)bispedømet omfatta både latinske og germanske folkegrupper. I 1559 vart dei 1636 sokna i Liège fordelt i åtte erkediakonat, og 28 diakonat eller chrétientés.

Einskilde meiner at Tongeren har hatt biskop heilt frå det første hundreåret, men den første kjende er Servatius av Maastricht som vart innsett i 344 eller 345. Han assisterte ved konsilet i Rimini (359-60), og døydde truleg i 384. Omvendinga av frankarane byrja under Falco i den første delen av 500-talet, og fortsette under Domitian, Monulphus og Gondulphus. Monulphus lét ei storslagen kyrkje bli bygd over grava til Servatius, ikkje langt frå residensen til dei etterfølgjande biskopane. Under resten av 600-talet strei biskopane mot heidenskap, og Amandus (647-50) mista motet og oppheva bispedømet. Han gjekk over til å byggje kloster, etterfølgjaren hans Remaculus (650-60) fortsette i sporet hans, og Theodard (660-69) døydde som martyr.

Byen Liége, i den tida kalla Vicus Ledicus, vart grunnlagt med blod. Etterfølgjaren til Theodard, Lambertus, fullførte kristninga av heidningane. Han hadde ein landstad på den vesle staden Liége, truleg var dette ein ombygd romersk villa. 17. september (året er usikkert, 696, 700 eller 705) vart han drepen av mennene til Dodon. Dodon var herskar over eit område som grensa til Liège. Dette skjedde truleg fordi Lambertus forsvarte eigedomane til kyrkja mot raid frå stammane rundt Liège.

Liket til Lambertus vart ført til Maastricht og gravlagd der. Ikkje lengje etter vart det sagt at mirakel fann stad i huset, og menneske valfarta dit. Etterfølgjaren til Lambertus, Hubertus av Liège, henta relikviane av Lambertus tilbake frå Maastricht i 714 og plasserte dei i ei kyrkje vigde han. Rundt kyrkja voks ein by fram, og i 722 flytta Hubertus dit. Konsekvensen av at han slo seg ned i Liége var at byen vart bispesete.

Biskopane som følgde brukte ikkje tittelen «biskop av Liége», men heller «biskop av Tongerens kyrkje» eller «biskop av Tongeren og Liége». Agilbert (768-84) og Gerbald (785-810) vart begge utnemnde til biskop av Karl den store. Hartgar bygde det første biskopspalasset, og biskop Franco som slo normannarane er nemnd av den irske diktaren Sedulius Scottus. Fleire av dei etterfølgjande biskopane kom frå klostera.

Områda til bispedømet hadde vakse takka vere gåver frå prinsar og kjøp gjort av biskopane. I 817 viste kart over området, og dessutan lista over fyrstbiskopane av Liége, at Tongeren, Maastricht, Huy, Dinant, Ciney og abbediet Saint-Hubert fall under fyrstbispedømet. Tre år seinare, i 820, overfalle vikingane området for første gongen. Etter at traktaten i Verdun var underteikna i 843 vart Liège ein del av Lorraine. Heraclius, (959) bygde fire soknekyrkjer, eit kloster og to andre kyrkjer. Vidare byrja under leiinga hans ei tid fylt med mykje kunstnerisk aktivitet, denne vart kalla mosansk kunst.

Mot ei ny tid[endre | endre wikiteksten]

I 980 vart bispedømet gjeve i len til biskop Notger (972-1008) av den tyske keisaren Otto II. Dette tydde at Notger ikkje berre hadde den geistlege makta i området, men òg den verdslege. Frå då av var ein del av bispedømet Liége eit fyrstbispedøme og det var de facto eit sjølvstyrt land under vernet til keisaren. Denne sekulære tittelen heldt etterfølgjarane hans i nesten 800 år, fram til den franske revolusjonen. Gjennom desse hundreåra lukkast det Liége å bli verande sjølvstyrt, sjølv om det i teorien høyrde til Det tysk-romerske riket. Dette sjølvstyret skuldast for ein stor del den politiske teften til dei habile biskopane, Liège låg mellom Frankrike og Det tysk-romerske rike og spelte ved fleire høve ei viktig rolle i internasjonal politikk.

Notger, som grunnla fyrstbispedømet, var òg den andre grunnleggjaren til byen. Han sørgde for at katedralen til minne om Lambertus og biskopspalasset vart gjenoppbygd, ferdigstilte Pauluskyrkja som Heraclius hadde starta bygginga av, lét to andre kyrkjer byggjast - Sainte-Croix og Saint-Denis, og dessutan ei kyrkje til minne om Evangelisten Johannes. Notger var ein av dei første som innførte feiring av allehelgensdag i bispedømet sitt. Biskop Notgers viktigaste bidrag til framtida til Liège var arbeidet han la ned innan utdanning, i dette fortsette han arbeidet til Heraclius. Takka vere Notger og Heraclius - og Wazo - var Liège i meir enn hundre år ein av dei fremste nasjonane innan vitskap, noko byen aldri på nytt har nådd opp til. Fleire av etterfølgjarane til Notger sørgde for at arva hans vart halden ved like. Frå skulane til byen kom det, i tillegg til dei to pavane Stefan IX og Nikolas II, fleire særs gode akademikarar.

Keisar Otto II føydde i 985 grevskapet Huy til områda som fall under biskopen av Liége, og kong Zwentibold av Lorraine gav i 898 Theux til biskopen av Liège. Gottfried av Bouillon selde i 1096 hertugdømet Bouillon til biskopen, og hertugdømet vart verande ein (separat) del av fyrstbispedømet fram til 1678. På 1100-talet vart desse samla områda til markgrevskapet Franchimont.

Under styret til Henrik av Verdun (1075-1091) vart ein fredsdomstol (tribunal de la paix) oppretta for å undersøkja brot mot Pax Dei. Othbert auka territoriet til fyrstbispedømet og vart verande trufast mot Henrik IV som døydde som gjesten hans. Den valdsame døden til Henrik av Namur førte til at han vart heidra som martyr. Aleksander av Juliars mottok paven, keisaren og Bernhard av Clairvaux i Liége. Raoul av Zachringen sitt episkopat vart markert av preikene til reformatoren Lambert le Bégue. Le Bègue skal vere grunnleggjaren av beginarane, eit klosterliknande samfunn av fromme menneske. Skulane i Liége vart etterkvart underlagt universitetet i Paris, og frå bispedømet kom med nokre av dei første doktorane til universitetet, William av Saint-Thierry, Gerard av Liège og Godfrey av Fontaines. Alger av Liége (1055-1131), kjent som «Algar av Cluny» og «Algerus Magister», var ein viktig intellektuell i denne perioden. Han byrja «karrieren» sin som sokneprest i St. Bartolomeus-kyrkja i Liége, og trekte seg til slutt tilbake til klosteret i Cluny.

Albero I av Louvain vart vald til biskop av Liége i 1191, men keisar Henrik VI, tvilte på at valet hadde gått korrekt for seg og gav embetet til Lothar av Hochstadt. Valet av Albero vart stadfesta av paven og han vart teke i eid. I 1192 vart han drepen ved Rheims av tre tyske riddarar, og det er truleg at keisaren stod bak drapet. Albero vart kanonisert. I 1195 vart borgarskapet til folket i Liége formelt anerkjent av Albert de Cuyck (1195-1200). På 1100-talet inntok domkapitelet i katedralen ein viktig posisjon i tilhøvet til biskopen og byrja å spele ei viktig rolle i historia til fyrstbispedømet.

Maktkampen mellom dei høgare og lågare klassane, som fyrstebiskopane ofte intervenerte i, utvikla seg gjennom 1200- og 1300-talet, og kulminerte på 1400-talet då den biskoppelege byen vart plyndra og øydelagt. Under styret til Robert av Thourotte (òg kjent som Robert av Langres) (1240-1246), hadde St. Juliana syn som leia henne til å opprette ei spesiell høgtid til ære for det heilage sakramentet. Etter mykje nøling, godkjende biskopen idéen hennar og oppretta eit spesielt embete, men døydde før han kunne innsetje høgtida. Fullføringa av arbeidet vart overlaten til ein tidlegare dominikansk abbed i Liége, Hugh av Saint-Cher, som vart send tilbake til Liège av paven. Gjennom lovnaden sin gjorde Hugh høgtida obligatorisk i 1252. John av Troyes, som etter å ha vore prost i Liége, vart vald til pave som Urban IV, fekk Thomas Aquinas til å opprette eit nytt embete og utvida høgtida Kristi lekamsfest til å gjelde for heile kyrkja. Ein annan prost frå Liége vart pave under namnet Gregor X; han avsette biskop Hendrik av Gelre, sonen til grev Gerard III av Gelre (1247-1274). Fexhe-freden, underskriven i 1316 under styret til Adolf av La Marck (1313-1344), regulerte tilhøvet mellom fyrstebiskopen og undersåttane hans. Likevel fortsette dei indre stridane, og Arnold av Horne (1378-1389) si tid som biskop vart prega av triumfen til den folkelege gruppa. I 1366 vart grevskapet Loon føydd til fyrstbispedømet av Engelbert van der Marck etter at Ludvig IV av Loon døydde, men likevel heldt grevskapet ei stor grad av sjølvstende. Til dømes var det umogleg for fyrstbiskopen å setje opp eller krevje skattar på eiga hand, og han var nøydd til å erkjenne dei gamle privilegia til Loon då han vart innsett som fyrstbiskop.

Hertugane av Burgund greidde å få innsett fyrstbiskopar som var venlegsinna, som Ludvig av Bourbon (1456-1482), men dei greidde ikkje å få eigedomsretten til Liège. I 1465 vart Ludvig av Bourbon avsett av den øvste sekulære styresmakta i Lièges, de Luikse staten. Dette førte til eit slag mellom styrkane til Filip III av Burgund og styrkane til Liège under kommando av Raes van Heers ved Montenaken 20. oktober 1465. Styrkane til Liège måtte sjå seg slegne, og i fredsavtala dei måtte underteikne i Sint-Truiden vart Filip III anvist som guvernør av Liège. Ludvig av Bourbon vart på nytt utnemnd til fyrstbiskop 19. september 1466. Dette var ikkje slutten på motstanden til Raes van Heers og Liège mot burgunderane. 28. oktober 1467 vart dei igjen slått i eit slag, denne gongen av soldatane til Karl I av Burgund ved Brustem.

Etter at ein representant for pave Paulus II hadde hatt eit møte med Karl I og Ludvig av Bourbon i Brussel 20. august 1468 kom det til ei forsoning mellom Ludvig og innbyggjarane i Liège. Freden varte berre i vel to månader, 30. oktober var det igjen opprør i Liège. Dette vart slått ned troppane til Karl I og Ludvig XI av Frankrike. Ein stor del av folkesetnaden vart då drepen og byen rasert og sett i brann.

Jan Cornelisz Vermeyen (1500–1559): «Portrait of Erard de la Marck»

Styret til Erard de la Marck (1505-1538) førte ein fredeleg periode til fyrstbispedømet. Han var ein opplyst vernar av kunst. Det var han som sette i gang kampen mot reformasjonen som etterfølgjarane hans fortsette, og som Gerard av Groesbeeck (1564-1580) særleg utmerkte seg i. Med tanke på å støtte denne kampen, oppretta pave Paulus IV gjennom bullen «Super Universi» 12. mai 1550 dei nye bispedømma i Dei sytten provinsane. Denne endringa vart gjennomført hovudsakleg på rekning av bispedømet Liége. Mange av sokna vart frådelt for å danne bispedømet Roermond, Boi sin-le-Duc ('s Hertogenbosch) og Namur, i tillegg til delar av Mechelen og Antwerpen. Mengda domprester i bispedømet Liége vart redusert til tretten.

Grevskapet Horn (ved Weert i nederlandsk Limburg) vart føydd til fyrstbispedømet i 1568 som eit sjølvstendig len, etter at Philippe de Montmorency vart halshogd.

Dei fleste av biskopane på 1600-talet var utlendingar, og mange av dei leia fleire bispedøme samstundes. Det jamlege fråværet deira gav grobotn for kranglar mellom chirouxane og grignouxane som Maximilan Henrik av Bayern (erkebiskop i Köln, 1650-1688) gjorde slutt på gjennom ediktet i 1681. På midten av 1700-talet byrja ideane til dei franske encyklopedistane å kome til Liége. Biskop de Velbruck (1772-1784) oppmuntra dette og gjorde dermed førebuande arbeid for revolusjon Liégeoise som braut ut i bispesetet 18. august 1789 under styret til biskop de Hoensbroechs (1781-1792).

To hundre år med sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Fram til Frankrike annekterte Liège i 1795 var fyrstbispedømet meir eller mindre uavhengig, sjølv om det var ein del av Det tysk-romerske riket. I rolla si som riksfyrste (latin: princeps regni ) var fyrstbiskopen medlem av riksdagen. Liège var heller ikkje ein del av Dei sytten provinsane.

I 1789 vart innbyggjarane i Liège trekt med i malstraumen rundt den franske revolusjonen og igjen gjorde dei opprør mot fyrstbiskopen. Revolusjonen i Liège var av same type som den franske revolusjonen. På same tid gjorde Dei sørlege Nederlanda opprør mot erkehertugdømet Austerrike og Dei sameinte nederlandske statane vart oppretta. Med denne nye staten inngjekk republikken Liège ei pakt, men dette endra seg då den nye keisaren ikkje berre tok tilbake makta i Dei sørlege Nederlanda, men òg gjeninnsette fyrstbiskopen.

Sjølvestendetida tek slutt[endre | endre wikiteksten]

Fyrstbispedømet Liége opphøyrde å eksistere i 1795. 1. oktober vart det annektert av det franske Nasjonalkonventet (fransk: Convention nationale). Deretter vart fyrstbispedømet inndelt i ulike departement: Meuse-Inférieure (Loon), Ourte (Liège og Fyrstedømet Stavelot-Malmedy) og Sambre-et-Meuse (Dinant og omliggende område).

Etter å ha vore eit fyrstbispedøme i fleire hundre år var Liège no igjen «berre» eit vanleg bispedøme.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]