Fyrste mosebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tittelbladet frå fyrste mosebok i den hebraiske Bibelen av Geršom ben Moše Soncin (1494)

Første Mosebok, også kallla Genesis (hebraisk בראשית Bereshit 'I byrjinga', gresk Γένεσις Génesis, 'Byrjing') er den første boka i Bibelen, både den jødiske Tanakh og det kristne gamle testamentet. Ho utgjer første del av Pentateuken – samlinga av dei fem mosebøkene. omen]] kjem boka først i Torá, og dermed i Tanákh.

Boka består av urhistoria, med skapingsskildringa og Israelsfolket si tidlege historie, fedrehistoria, med slektshistoria frå Adam og Eva, gjennom Noah og Abraham og fram til Josef og Israelsfolket sitt eksil i Egypt. Første Mosebok sluttar med Josef sin død i Egypt.

1. Mosebok sin struktur[endre | endre wikiteksten]

  1. 1-5 Skapingskildringa, Adam og Eva, Kain, Abel og slektslina fram til Noah
  2. 6-11 Forteljinga om storflaumen, Noahs ark og slektslina fram til Abraham
  3. 12-26 Abraham, hans historie og slekt, Sara og Isak
  4. 27-37 Forteljinga om Jakob (Israel) og hans slekt
  5. 38-51 Forteljinga om Josef, Israelfolket fer til Egypt