Fyrsten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyrsten
Il Principe

Forfattar(ar)Niccolò Machiavelli
Språkitaliensk
Blei til1513
SjangerPolitisk teori
Utgjeven1532
ForlagCappelen
ISBN 9788202218027

Fyrsten (Il Principe) er ei bok skrivem av Niccolò Machiavelli (1469–1527), som levde i den norditalienske bystaten Firenze under renessansen. Boka vart skriven rundt 1513, men ikkje utgjeven før 1532, fem år etter at Machiavelli døydde.

Machiavelli levde samstundes med fleire store renessansekunstnarar som Botticelli, Rafael, Michelangelo og Leonardo da Vinci. Machiavelli var ein sentral skikkelse i Firenze, og verkte i periodar som politisk rådgjevar for leiaren i byen. Samtida hans var prega av politiske og menneskelege drama. Strukturar som bystatane stod for fall, og stadige krigar såg ut til å aldri vilja ta slutt. Mot denne bakgrunnen utvikla Machiavelli verket Fyrsten.

Fyrstespegel[endre | endre wikiteksten]

Machiavelli sitt føremål med Fyrsten var dobbelt. På overflata og tilsynelatande var det eit verk i fyrstespegeltradisjonen, for å forklara korleis ein leiar kan retta opp igjen ein tilstand av sivilisert orden gjennom bruk av alle naudsynte middel. Han skriv at fysisk vald er opphavet til all makt, og at alle statsgrunnleggjarar berre har eitt middel, nemleg vald. Uttrykket om at målet heilaggjer middel kan belysast frå debatten kring Fyrsten. Grunnen til at det er slik, hevder boka, er fordi menneskenaturen er korrumpert og i elendig forfatning, og at samfunnet treng ein sterk leiar for å skapa orden. Men for at ein fyrste eller makthavar skal kunna utøva legitim vald, er det ein føresetnad at denne blir utøvd i staten si interesse, aldri av personleg interesse. Machiavelli skil såleis skarpt mellom den personlege moralen, som må vera upåklageleg, og den offentlege moralen, der handlingane er legitime når dei tener interessene til staten eller fellesskapet.

Boka vart skriven som ei praktisk rettleiing for herskarar, spesielt tileigna Lorenzo de'Medici, fyrsten av Firenze, og ber preg av å vera ein analyse av politiske prosessar. Machiavelli seier at han har som mål å diskutera tinga slik dei verkeleg er, og ikkje nøya seg med å diskutera ideal. Han meiner det ikkje børe vera nokon samanheng mellom politikk og etiske prinsipp. Detta gjer at han vert rekna som faren til realpolitikken.

Undergravande skrift[endre | endre wikiteksten]

Det eigentlege føremålet til Machiavelli med verket var ikkje så tydeleg. Machiavelli var republikanar - han meinte at det beste for dei italienske bystatane ikkje var fyrsteveldet, men den republikanske styreforma. Dette kjem ikkje fram i boka. Men enkelte av hans sentrale råd til fyrsten av Firenze er eigna til å fremja det republikanske målet.

  • Han rår mot frisinn og tilrår lureri for å sikra støtta til folket. Samstundes er Machiavelli klar over at eit tidlegare pro-republikansk kuppforsøk slo feil på grunn av passiviteten til folket - noko som skulda fyrsten sitt frisinn.
  • Han går inn for at folket skal vera væpna, sjølv om han veit at florentinarane er klart pro-demokratiske og klart misnøgde med fyrstesystemet.
  • Han oppfordrar fyrsten å busetja seg i den byen han erobrar. Detta var i strid med Medici sin vanlege politikk, som var å bu utanfor byen. Bur ein inne i byen, er faren for å verta styrta av opprørarar eller ein borgarmilits større.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Fyrsten utgjeve i bokserien Kulturbiblioteket til Bokklubben 1999, med innleiing av Bjørn Qviller, omsett frå italiensk av Jon Bingen ISBN 82-525-3728-6
  • Trond Berg Eriksen Machiavelli : reven i hønsegården Universitetsforlaget 2006 ISBN 8215010725