Fyrstereisgut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fyrstereisgut er ein gut eller mann som reiser til sjøs fyrste gongen. Om farkosten er ein fiske- eller fangstbåt blir han ofte kalla skårunge. I tidlegare tider fekk fyrstereisguten ofte arbeid som ikkje kravde erfaring eller som dei meir erfarne mannskapet ikkje ville ha, som til dømes å stå for matstellet, reinhald o.l.[1]

«Førstereisgutten» er ein kjend norsk song skriven av H. Anker-Eriksen og framført av Gunnar Engedahl og Erling Stordahl.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. B. Pedersen, Jekta - Eventyrets farkost, Museumsforlaget, 2019.