Fyrstestaten Udaipur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mewar, Udaipur
ca. 734–1949

Våpenet til {{{kortnamn}}}

Våpen

Plasseringa til {{{kortnamn}}}
Grensene til staten Udaipur i 1909
Hovudstad
Språk Mewari[3]
Religion
Styreform monarki
Historie
 - Oppretta ca. 734
 - Opphøyrde 1949
Areal
 - 1901[4] 33 030 km²
 - 1941[5] 33 517 km²
Innbyggjarar
 - 1901[4] est. 59 351 
     Folketettleik 1,8 /km² 
 - 1941[5] est. 1 926 698 
     Folketettleik 57,5 /km² 

Fyrstestaten Udaipur, også kjend som Mewar,[6] var ein sjølvstendig stat i Mewar-området i noverande Rajasthan i India. Han blei del av republikken India i 1949.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Grensene til staten har endra seg mykje gjennom hundreåra.[7] I 1941 hadde staten eit areal på 34 110 km² (omtrent tilsvarande dagens Nederland).[8][9] Frå staten inngjekk ein traktat med britane i 1818 til han blei del av India i 1949 gjekk grensene slik: Til det britisk-styrde distriktet Ajmer-Merwara i nord, til statane Jodhpur og Sirohi i vest, Idar i sørvest, Dungarpur, Banswara og Pratabgarh i sør, Bundi og Kotah i aust og Jaipur i aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mewar blei grunnlagd av Bappa Rawal, ein tidlegare leiar for Mori-kongen i Chittor, som fekk kontroll over Chittor rundt 728.[10]

I eit halvt hundreår fram til 1818 hadde styrkane til Holkar, Scindia og Amir Khan herja og plyndra Mewar, slik at både herskaren og folket var i fattigdom. Så tidleg som i 1805 bad maharana Bhim Singh av Mewar om assistanse frå britane, men den britiske traktaten av 1803 med Scindia gjorde at dei ikkje kunne gje nokon hjelp. I 1817 var britane blitt mykje meir interesserte i å alliera seg med radjput-herskarar, og Mewar og Det britiske austindiakompaniet skreiv under på ein traktat om «vennskap, allianse og sameining» den 13. januar 1818.[7][11]

Under traktaten gjekk dei britiske styresmaktene med på å verna Mewar sitt territorium. Til gjengjeld anerkjende Mewar britisk overherredøme, gjekk med på å ikkje inngå politiske samband med nabostatar, og skulle betala ein fjerdedel av inntektene sine som tributt i fem år, og tre åttandedelar i all framtid.[11]

Fyrstestaten fekk ei grunnlov 23. mai 1947.[12] Den siste herskaren av Udaipur skreiv under på ein avtale om å bli del av India den 7. april 1949.[13]

Herskarar[endre | endre wikiteksten]

Sisodia-dynastiet i Udaipur
Namn Styret byrja Styret enda
1 Maharana Udai Singh II 1568 1572
2 Maharana Pratap Singh I 1572 1597
3 Maharana Amar Singh I 1597 1620
4 Maharana Karan Singh II 1620 1628
5 Maharana Jagat Singh I 1628 1652
6 Maharana Raj Singh I 1652 1680
7 Maharana Jai Singh 1680 1698
8 Maharana Amar Singh II 1698 1710
9 Maharana Sangram Singh II 1710 1734
10 Maharana Jagat Singh II 1734 1751
11 Maharana Pratap Singh II 1751 1754
12 Maharana Raj Singh II 1754 1761
13 Maharana Ari Singh II 1761 1773
14 Maharana Hamir Singh II 1773 1778
15 Maharana Bhim Singh 1778 1828
16 Maharana Jawan Singh 1828 1838
17 Maharana Sardar Singh 1838 1842
18 Maharana Swarup Singh 1842 1861
19 Maharana Shambhu Singh 1861 1874
20 Maharana Sajjan Singh 1874 1884
21 Maharana Fateh Singh 1884 1930
22 Maharana Bhupal Singh 1930 1956
23 Maharana Bhagwat Singh 1956 1984
24 Maharana Mahendra Singh 1984 No

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bhattacharya, A.N. (2000). Human Geography of Mewar. Himanshu Publications. 
  2. Agarwal, B.D. (1979). Rajasthan District Gazetteers, Udaipur. Jaipur: Directorate of District Gazetteers. 
  3. 3,0 3,1 Ojha, Gaurishankar Hirachand (1990). उदयपुर राज्य का इतिहास [History of Udaipur State]. Rajasthani Granthagar. 
  4. Bannerman, A.D. (1902). Census of India 1901, Vol. XXV-A, Rajputana, Part II Imperial Tables (PDF). Newal Kishore Press. 
  5. Dashora, Yamunalal. Mewar in 1941 or A Summary of Census Statistics. R.C. Sharma. 
  6. Agarwal, B.D. (1979). Rajasthan District Gazetteers: Udaipur. Jaipur: Government of Rajasthan. s. 230. 
  7. 7,0 7,1 Gupta, R.K.; Bakshi, S.R., red. (2008). Studies in Indian History: Rajasthan Through the Ages Vol. 5. New Delhi: Sarup & Sons. s. 64. ISBN 978-81-7625-841-8. 
  8. «The World Factbook: Netherlands». Central Intelligence Agency. Henta 22 December 2017. 
  9. Dashora, Yamunalal (1942). Census of Mewar, 1941. Alwar: Sharma Bros. 
  10. Vaidya, C.V. (1924). History Of Mediaeval Hindu India II. Poona: The Oriental Book Supplying Agency. s. 75. 
  11. 11,0 11,1 Aitchison, C.U. (1909). A Collection of Treaties, Engagements and Sanads Relating to India and Neighbouring Countries Vol. III. Calcutta: Superintendent Government Printing, India. s. 10–32. 
  12. Darda, D.S. From Feudalism to Democracy. New Delhi: S. Chand & Co. (Pvt.) Ltd. 
  13. Princely States of India

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • The Kingdom of Mewar: great struggles and glory of the world's oldest ruling dynasty, by Irmgard Meininger. D.K. Printworld, 2000. ISBN 81-246-0144-5.
  • Costumes of the rulers of Mewar: with patterns and construction techniques, by Pushpa Rani Mathur. Abhinav Publications, 1994. ISBN 81-7017-293-4.

Koordinatar: 24°35′N 73°41′E