Fyrug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Fyrig» kan brukast om hestar, som denne arabarhesten.
Foto: Thomas Reich

Fyrig eller fyrug (frå lågtysk, 'eldvoren') er adjektiv som viser til at noko eller nokon blir oppfatta som fulle av «liv» eller «eld» i overført tyding. Å vera fyrig blir som regel sett på som positivt, men ordet kan òg nyttast litt humoristisk, gjerne i samband med seksualitet. Omgrepet blir særleg brukt om temperamentet til hestar, men kan òg brukast om menneske, og om handlingar, som dans.

nordmøring bruker ein forma fyrau som har tydinga 'stor' eller 'kraftig'.[1]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Me finn ordet i mellomhøgtysk som viurec eller viuric og på moderne tysk som feurig.[2]

engelsk finn ein att ordet som «fiery», men dette omgrepet har også andre tydingar, som at noko liknar på eld eller er varmt.[3]

Nynorske ord med lik eller liknande tyding er livleg, livfull, eldfull og lidenskapleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]