Fysikaren Anne Borg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Borg

Fødd27. september 1958
Drammen
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, professor, forskar
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materNoregs tekniske høgskole
VervRektor ved NTNU 2019–2023

Anne Borg (fødd 27. september 1958) er ein norsk fysikar. Ho var rektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) frå 2019 til 2023.

Borg er professor i material- og faststoff-fysikk ved NTNU, var dekan for Fakultet for naturvitskap og teknologi/Fakultet for naturvitskap same stad 2013–2017 og vart prorektor for utdanning i 2017.

Borg vart tilsett som rektor ved NTNU 13. desember 2019, etter å ha vore konstituert rektor sidan 21. august 2019.[1] Ho gjekk av 15. desember 2023 etter sterk kritikk på bakgrunn av ei hending nokre dagar førre der ho hadde offentleg kritisert to av sine tilsette i eit lesarinnlegg.[2][3]

Bakgrunn og karriere[endre | endre wikiteksten]

Borg vart fødd i Drammen og voks opp i Hønefoss. Ho vart sivilingeniør i teknisk fysikk ved Noregs tekniske høgskule (NTH)[a] i 1982, og dr.ing. i fysikk same stad i 1987, med avhandlinga Infrared spectroscopy for studies of molecular vibrations at surfaces : construction and testing of a wavelength modulation infrared spectrometer.[4]

Etter å ha fullført doktorgraden, var ho postdoktor ved Stanford Synchotron Radiation Laboratory ved Stanford University i 14 månader i 1988–1989. I perioden 1989–1998 hadde ho ulike forskarstillingar ved NTH, SINTEF og NTNU.

Borg sine forskingsområde er overflate- og materialfysikk, «scanning probe»-mikroskopi, fotoelektronspektroskopi og tetthetsfunksjonalteori.

Sidan 1998 har ho vore professor i material- og faststoff-fysikk ved Institutt for fysikk ved NTNU. I perioden 1998–1999 var ho gjesteforskar ved Lawrence Berkeley National Laboratory i California. Ho var prodekan for utdanning ved Fakultet for naturvitskap og teknologi i perioden 2005–2013, og dekan ved same fakultet frå 2013. NTNU fusjonerte med høgskulane i Sør-Trøndelag, Gjøvik og Ålesund 1. januar 2017. Då vart fakultetstrukturen endra, og Borg heldt fram som dekan ved Fakultet for naturvitskap, til ho vart tilsett som prorektor for utdanning 1. august 2017.

Frå 21. august 2019 til 12. desember same år var ho konstituert rektor ved NTNU, og frå 13. desember 2019 er ho tilsett som rektor ved NTNU.[5][6]

Borg har vore sentral i utviklinga av forsking på synkrotonstråling, dels i samarbeid med det svenske forskingslaboratoriet MAX-lab, og ho var medlem i MAX-styret til lab i perioden 2006–2009.[b] Ho er (per 2020) leiar for Scientific Advisory Committee (SAC) ved det noverande MAX IV-laboratoriet.[7]

Medlemskap, verv og heider[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. NTH vart del av NTNU frå 1996
  2. MAX IV-laboratoriet (før 2011: MAX-lab) er eit svensk nasjonalt laboratorium for akselerasjonsfysikk og forsking ved hjelp av synkrotonlys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK (13. desember 2019). «Anne Borg ny NTNU-rektor». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. desember 2019. 
  2. Anne Borg. «Det grønne skiftet er tjent med en sunn ytringskultur» (på norsk bokmål). Dagens Næringsliv. Henta 15. desember 2023.  Lesarinnlegget til Anne Borg
  3. Sunniva Skurtveit. «Anne Borg gjekk av etter sterk kritikk – Tor Grande er ny rektor ved NTNU». NRK. Henta 15. desember 2023. 
  4. ORIA-post for avhandlingen (ikke fulltekst)
  5. Oksholen, Tore (16. august 2019). «Gunnar Bovim går av som rektor». universitetsavisa.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 17. august 2019. Henta 16. august 2019. 
  6. Lorentzen, Karoline Ravndal (13. desember 2019), «Anne Borg tilsatt som ny rektor ved NTNU», NTNU Nyheter (på norsk bokmål), henta 18. mars 2020 
  7. «Advisory bodies – MAX IV», www.maxiv.lu.se, henta 18. mars 2020 
  8. Anonym (udatert). «Om UNINETT Sigma2 AS» (på norsk). UNINETT AS. Arkivert frå originalen 28. mars 2017. Henta 2. desember 2017. 
  9. Anonym (udatert). «Abelprisen. Styret 2015/2016». Det Norske Videnskaps-Akademi. Henta 2. desember 2017. 
  10. Lena Björk Blixt (16. november 2017). «Lunds nya hedersdoktorer i naturvetenskap». Naturvetenskapliga fakulteten (på svensk). Henta 18. november 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Publikasjonar