Fåfotingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fåfotingar
Trachypauropus britannicus i England
Trachypauropus britannicus i England
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Mangefotingar Myriapoda
Klasse: Fåfotingar Pauropoda
Avebury, 1868

Fåfotingar (Pauropoda) er ei gruppe særs små mangefotingar som lever i jord- og strølaget, ofte så langt nede som ein til to meter. Gruppa er utbreidd over heile verda og omfattar 756 beskrivne artar fordelt på 30 slekter i fem familiar. Ho er generelt særs dårleg kjend, sidan berre ytst få forskarar har fordjupa seg i ho i nokon særleg grad, så det reelle artstalet er mest sannsynleg langt høgare. I Norden er det registrert 16 ulike artar; 13 av desse i Noreg.

Fåfotingane lever i jorda, vanlegvis i tettleikar som er mindre enn 100 per kvadratmeter.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Teikning av Pauropus huxleyi
Ventral og dorsal skisse av Pauropus amicus frå New South Wales i Australia.

Fåfotingane er mjuke, sylinderforma dyr. Som vaksne er dei mellom 0,5 og 2 mm lange.[2] Dette gjer at gruppa omfattar dei minste av mangefotingane, i tillegg til dei med færrast bein - dei har mellom åtte og elleve beinpar. Dei har påfallande små hovud og langstrekte, smale kroppar. Som oftast er fargen kvit, men nokre få artar er gulbrune til brune.

Hovudet[endre | endre wikiteksten]

Hovudet til ei fåfoting er lite og forma som ein avrunda trekant sett ovanifrå. Dei manglar augo, men har i staden to store, kurva sanseorgan kalla temporalorgan bak antennefesta. Det er uvisst kva slags funksjon dei har.

Antennene til fåfotingane er unike for gruppa, og er greina i spissen. Kvar grein har ei eller to flagellar, det vil seie lange trådar som nyttast som sanseorgan. Dei fleste artane har òg børstar, som er ytst viktige ved artsidentifikasjon. Antennene ber dessutan eit kuleforma sanseorgan globulus som sit på eit lite skaft. Korleis det fungerer er ukjend. Dei basale segmenta til fåfotingane er viktige i systematikken deira; ordenen Tetramerocerata har fire av desse i antenneskaftet sitt medan Hexamerocerata har seks.

Munndelane til fåfotingane består av tre par bitekjevar (mandiblar) og vert dekte framifrå av ei overleppe. Hjå gruppa Hexamerocerata liknar dei i større grad på dei ein finn hjå tusenbein, som òg vert rekna som søstergruppa deira. Hovudet ber òg eit sett børstar regelmessig organisert på oversida i fire tverradar.

Kroppsringane[endre | endre wikiteksten]

Fåfoting

Fåfotingkroppen består av tolv vanlege kroppssegment og eit komplisert oppbygd analsegment lengst bak. Kor mange av segmenta som ber beinpar og/eller ryggskjold varierer frå art til art: dyra i Hexamerocerata har tolv ryggskjold og elleve par bein frå og med andre segment, medan Tetramerocerata har seks ryggskjold (som til saman dekkjer heile ryggen) og mellom åtte og elleve beinpar. Sistnemnde gruppe har dessutan rester av eit beinpar på halssegmentet.

Beina er ganske likt bygd, sjølv om dei stundom kan ha ulik lengd. Dei er sett saman av fem til seks segment; coxa eller hofte, trochanter eller hoftering, femur eller lår, tibia eller skinnebein og tarsus eller tær. Som regel har første og siste beinpar eit einskild tarsussegment der resten har to.

Fåfotingar har òg børstar på ryggen, organisert i tverradar. Dei har òg fem par sansebørstar baketter ryggen i samband med ryggskjold 2-6. Det tredje paret er stundom avvikande frå det andre i oppbygnad.

Sidan fåfotingane er så små, har dei ikkje så veldig kompliserte indre organ då mange av kroppsfunksjonane kan gå direkte over huda. Nervesystemet tek opp mykje plass, med sentrale ganglion (tilsvarande hjerner) som går over to kroppssegment. Gassvekslingsorgan finst berre hjå dei største, tropiske artane, som har trakear (luftrøyr) i framenda av kroppen. Tarmen er tredelt med malphigiske røyr og fleire ulike slags kjertlar med ukjend funksjon.

Analsegmentet[endre | endre wikiteksten]

Analsegmentet er delt horisontalt i ein rygg- og ein bukdel. Desse er båe utstyrt med børstar som kan vera særs viktige bestemmingskarakterar. Ryggen ber fire par og buken tre. Midt bak på segmentet kan ein i tillegg finna ei såkalla analplate, som er unik for fåfotingane. Denne er ein utvekst frå skalet til dyret, og er særs liten med sin diameter på 0,01 - 0,02 mm. Forma ho tek er særs variabel, og kvar art har si eiga karakteristiske analplate.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Dyr frå fåfotingfamilien Eurypauropodidae frå Coromandelhalvøya på New Zealand

Levestad[endre | endre wikiteksten]

Fåfotingane høyrer til den typiske jordbotnsfaunaen i ei mengd ulike slags jordsmonn. Dei er mest vanlege i humus i lauvskog, og minst i blautmark, leire og torv. I Norden vert dei oftast funne i edellauvskog. Sidan dyra ikkje kan grava er det viktig at jordsmonnet er nokolunde porøst, med rotkanalar, makkgangar og liknande. Under gode tilhøve kan ein finna dei ned til 1-2 meter.

Det verker som fåfotingane trivst best ved høg luftfuktigheit og stabile temperaturar som ikkje er for høge i jord med innslag av organisk avfall og god gjennomlufting. Dei toler kulde godt og er funne mellom anna ved 4 500 meters høgd, i Himalaya.

Rørsle og næringssøk[endre | endre wikiteksten]

Alle dei nordiske fåfotingane er raske og røyrlege dyr. Når dei utforskar omgjevnadane under jorda kan dei bøya kroppen i rett vinkel til sidene og oppover. Viss dei vert forstyrra av lys eller luftstrøymingar, flyktar dei raskt med strak kropp. Vaksne individ kan springa så fort som 4 mm i sekundet på eksponerte overflatar.

Fødevalet til fåfotingane er dårleg kjend. Somme artar har vorte observert sugande på sopphyfer med hjelp frå musklar i mellomtarmen. Ein trur dei òg kan gjera noko tilsvarande med rothår hjå plantar. Disseksjonar av dei relativt storvaksne Hexamerocerata-artane i tropane har vist tarminnhald med innslag av sopphyfer, sporar og bitar av andre leddyr.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Kjønnsopningane til fåfotingane sit mellom andre og tredje segment. Hoa har ei einskild, sekkeliknande eggstokk med ein tilhøyrande eggleiar. Hannen har fire spermproduserande sekkar på oversida av tarmen.

Formeiringa går føre seg utan kontakt mellom kjønna. Hannane gjev frå seg sperma dropevis på trådar eller i nett mellom ulike jordpartiklar. Hoa tek så desse opp når ho går forbi. Det er først når ho har spermiar i kroppen ho tek til å legga egg; anten eitt og eitt eller i klumpar. Partenogenese er òg kjend frå mange av artane.

Om lag to veker etter at egga er lagde klekkast det eit pupoidstadium. Dette liknar ei puppe hjå insekt, og er eit urøreleg stadium som ikkje tek opp næring. Seinare går dei gjennom fire ordinære larvestadium kor dei gradvis utviklar fleire beinpar.

Systematikk og evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Fåfoting frå Nord-Carolina

Sidan fåfotingane er små og tynnhuda dyr som lever i område som gjer fossilisering vanskeleg finst det få kjende funn av dei frå forhistorisk tid. Det einaste kjende individet kjend frå fossil vart funne i 40 millionar år gamal baltisk rav, og liknar så mykje på nolevande former at det ikkje seier noko vidare om slektskap til andre grupper. Ein reknar likevel med at dei er søstergruppa til tusenbeina, på grunnlag av trekk dei to har til felles. Desse omfattar mellom anna munndelane, bygnaden til kjønnsopningane, det pupoide larvestadiet og restar av pusterøyr på buksida.

Innanfor fåfotingane reknar ein med to ordenar, Hexamerocerata og Tetramerocerata, mellom anna på basis av basale antennesegment. Førstnemnde finst berre i tropane, medan Tetramerocerata finst over heile verda.

Systematisk inndeling med norske artar[endre | endre wikiteksten]

Systematikken følgjer Andersson, m.fl. 2005.[3]

Dei norske namna til artane er omsette frå svenske namn i den svenske Nationalnyckeln: Mångfotingar: Myriapoda.[3] eller frå det vitskaplege namnet.

Treliste
  • Mangefotingar (Myriapoda)
    meir enn 8 beinpar.
    • Progoneata denne gruppa har kjønnsopninga framme på kroppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David C. Coleman; D. A. Crossley, Jr.; Paul F. Hendrix (2004). Fundamentals of Soil Ecology (2. utg.). Academic Press. s. 133. ISBN 978-0-12-179726-3. 
  2. Cedric Gillott (2005). Entomology (3. utg.). Springer. ISBN 978-1-4020-3182-3. 
  3. 3,0 3,1 Andersson, m.fl. 2005. Mångfotingar: Myriapoda. Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. ArtDatabanken, SLU, Uppsala. CF. ISBN 91-88506-53-3. 350 sider.
  • Scheller, Ulf (2005): «Introduktion til fåfotingar» i Nationalnyckeln til Sveriges flora och fauna. Mångfotingar. Myriapoda ArtDatabanken, SLU, Uppsala

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fåfotingar