Færing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunnmørsfæring frå Herøy museum, Møre og Romsdal.
Foto: Silje L. Bakke
Bindalsfæring i Vefsna.
Foto: Knut

Ein færing er ein open, spissgatta robåt med to par årar, og ofte òg med segl, òg er utbreidd frå Rogaland til Finnmark[1]. Færingen har vore i bruk i svært lang tid og er oftast mellom 12 og 14 fot lang. Færingen er truleg av de eldste robåtene i Noreg, og var i bruk ei god stund før vikingtida; Halsnøybåten frå rundt år 400 var ein færing, det var òg Gokstadfæringen frå rundt år 900.

I gamle dagar hadde så godt som kvar gard langs kysten nord for Agder minst ein færing. Han vart nytta til fiske nær land, transport av sauer og geiter når dei skulle på beite på holmar og øyer, eller når dei måtte transporterast over fjorden. Han vart òg nytta for å transportera høy, ved, varer frå handelsmannen og fleire andre oppgåver. Der dei ikkje hadde annan kyrkjebåt for dei til kyrkja og tinget i færing.

Midtrom[endre | endre wikiteksten]

Nokre færingar har eit ekstra rom utan kneipar, mellom dei to rorsromma. Dette rommet vart kalla «hundrom» og færingar med slike rom vart kalla «hundromfæring»[1]. Andre namn på midtrommet var «bunkerom» og «kobberom», som førte til at båtane vart kalla «bunkerømming» respektivt «kobberømming» (eller «kobring»)[2]. Lengda på midtrommet kunne variera frå 1/4 til 3/4 (halvtredjerømming)[2]. I Trøndelag vart ein færing med 3/4 midtrom kalla «storfæring», ein med 1/4 midtrom vart kalla «liten færing» og ein utan midtrom vart kalla «småfæring»[2]. På Nordmøre vart færingar med midtrom kalla «melfæring»[3][1].

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Færing kjem frå det gamalnorske ordet feræringr, som tyder "med fire årar" (to årepar).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 A.R. Hole, Båter og kystfolk, Aschehoug, 2007.
  2. 2,0 2,1 2,2 A. Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag, Norske båtar bind IV, Grøndahk & søn AS, 1983.
  3. Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, Grøndal & søn forlag AS, 1987.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]