Gävle kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gävles kommun)
Gävle kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Gästrikland
Del av Gästrikland, Q61663219
Centralort Gävle
Areal 1 604 km²
Folketal 92 681
Folketettleik 57,7 / km²
Kart
Gävle kommun
60°40′00″N 17°10′00″E / 60.666666666667°N 17.166666666667°E / 60.666666666667; 17.166666666667
Wikimedia Commons: Gävle Municipality
Nettstad: www.gavle.se

Gävle kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige som ligg ved Bottenhavet. I Gävleborgs län grensar kommunen til Ockelbo kommun i nordvest og Sandvikens kommun i vest. I tillegg grensar han til tre kommunar i Uppsala län. Desse er Heby kommun i sør, Tierps kommun i søraust og Älvkarleby kommun i nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Gävle.

I sør har Gävle kalkrik berggrunn, og i vest skogkledde moreneområde og myrlandskap. Ein åsrygg strekkjer seg gjennom kommunen frå Hedesunda, via Valbo til Gävle og vidare mot nord. Det ligg fleire innsjøar i ytterområda i kommunen, mellom andre Viksjön i nord, Öjaren og Storsjön i vest og Hedesundafjärden og Bramsöfjärden i sør.

Den dominerande industrigreina er verkstad- og skogindustri, men det er også ein del næringsmiddelindustri og elektroindustri i kommunen. I tillegg har fleire statlege organ hovudkontor i kommunesenteret Gävle.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Den noverande kommunen vart oppretta i to steg. Landskommunane Hamrånge, Hedesunda og Hille vart i 1969 slegne saman med Gävle stad. Ved kommunereforma i Sverige i 1971 vart Gävle kommun slik han er i dag, ved at Valbo vart innlemma.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På blå bakgrunn, ein vassrett sølvstraum, med to anker av gull ovanfor og eitt nedanfor.[1]

Gävle stad hadde sidan 1500-talet brukt eit skjold med bokstaven «G» som våpen. I 1940 ville Den svenske marinen bruke byvåpenet på den nybygde jagaren Gävle. Då diskusjonen om våpenet kom opp ved ei av reformene, ville ikkje riksheraldikaren godta våpenet (fordi bokstavar ikkje vert sett på som passande i heraldikken), og det vart starta ein diskusjon om nytt våpen for Gävle. Det noverande våpenet var eit forslag frå riksheraldikaren, som etter lange debattar, til slutt vart vedteke av bystyret. Det vart fastsett av kongen i 1941. Etter kommuneopprettinga kom det opp eit framlegg om å auke talet på anker til fem, slik at dei eldre einingane som er innlemma i kommunen fekk kvart sitt anker. Dette vart avslege og våpenet vart registrert uendra i Patent- och registreringsverket i 1974.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 20 tettstader i Gävle kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Gävle 68 700
2. Valbo 6 911
3. Forsbacka 1 748
4. Hedesunda 1 048
5. Norrsundet 1 006
6. Bergby 815
7. Åbyggeby 776
8. Forsby 646
9. Hamrångefjärden 546
10. Furuvik 486
11. Lund 436
12. Björke 338
13. Skutskär 329
14. Trödje 329
15. Bönan 289
16. Norrlandet 287
17. Totra 285
18. Sälgsjön 218
19. Berg 215
20. Hagsta 200

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «I blått fält en av vågskuror bildad bjälke av silver, åtföljd ovanför av två och nedanför av ett ankare av guld».