Géo Voumard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Géo Voumard
Fødd2. desember 1920
FødestadBiel/Bienne
Død3. september 2008 (87 år)
DødsstadSion i Sveits
FødenamnGeorges André Voumard
OpphavSveits
Sjangerjazz, hard bop
Instrumentpiano
Verka somjournalist, pianist, låtskrivar, arrangør, komponist, jazzmusikar

Géo Voumard (fødd 2. desember 1920 i Biel, død 3. september 2008) var ein sveitsisk jazzpianist og komponist.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Lugano 1956[endre | endre wikiteksten]

Saman med Émile Gardaz skreiv han eit av dei to sveitsiske bidraga i Eurovision Song Contest 1956 i Lugano, «Refrain». Songen heit opphavleg «Refrains» og vart framført av Lys Assia og Quinteta Radiosa i Concours Eurovision 1956, den sveitsiske uttakinga. Bidraget vart berre framført av Lys Assia i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest, og før tevlinga endra ein tittelen på «Refrains» til «Refrain». Bidraget vart utropt som vinnar, men det er ukjend kor mange røyster bidraget fekk.

Frankfurt am Main 1957[endre | endre wikiteksten]

I 1957 skreiv han òg det sveitsiske bidraget saman med Émile Gardaz. Songen, som heit «L'enfant que j'étais», vart framført av Lys Assia i Concours Eurovision 1957, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1957. Bidraget enda på åttandeplass av totalt ti bidrag med fem poeng: to frå Danmark og eitt frå Luxembourg, Italia og Vest-Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]