Gérard Chenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gérard Chenet
Fødd 14. april 1927
Port-au-Prince
Yrke skribent

Gérard Chenet (fødd 14. april 1927 i Port-au-Prince i Haiti) er ein haitisk forfattar.

Chenet flytta i 1955 til Canada, før han tre år seinare drog til Nantes i Frankrike for å studere statsvitskap. Då Charles de Gaulle kom til makta, flytta Chenet til Fransk Guyana, der han vart verande i fire år. Han flytta så til Senegal, der han fekk jobb som rådgjevar i Kunnskapsdepartementet. Denne stillinga hadde han i 25 år før han trekte seg tilbake. Han er no busett i den vesle landsbyen Toubab Dielaw, 55 km frå Dakar.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • El Hadj Omar: chronique de la guerre sainte (teaterstykke – 1968, Paris: L’Harmattan, 2009)
  • Les fiancailles tragiques (teaterstykke – oppført i Guinea og på Théâtre Daniel Sorano i Dakar, men ikkje utgjeve)
  • Zombi nèg (teaterstykke – ikkje utgjeve)
  • Sécheresse (teaterstykke – oppført på Théâtre Noir i Paris under tittelen Image de sécheresse i juni 1985, men ikkje utgjeve)
  • Poèmes du village de Toubab Dyalaw (diktsamling – Dakar: Nouvelles Éditions Africaines, 1974).
  • Transes vaudou d’Haïti pour Amélie chérie (roman – Paris: L’Harmattan, 2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]