Göran Persson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Göran Persson

Fødd20. januar 1949 (75 år)
Vingåker
Statsborgar avSverige
PartiSveriges socialdemokratiska arbetareparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedÖrebro universitet
EktefelleAnitra Steen, Annika Barthine
VervStatsminister i Sverige 1996+2006
FøregangarIngvar Carlsson
EtterfylgjarFredrik Reinfeldt
Alle verv
  • finansminister i Sverige (1994–1996)
  • Sveriges skoleminister (1989–1991)
  • Statsminister i Sverige (1996–2006)
  • partileiar (Sveriges socialdemokratiska arbetareparti, 1996–2007)
  • medlem av Riksdagen (1979–1982)
  • medlem av Riksdagen (1982–1985)
  • medlem av Riksdagen (1991–1994)
  • medlem av Riksdagen (1994–1994)
  • medlem av Riksdagen (1998–1998)
  • medlem av Riksdagen (2002–2002)
  • medlem av Riksdagen (2006–2007)
  • Chair of the Committee on Environment and Agriculture (1991–1992)
  • medlem av næringskomiteen (1992–1993)
  • member of the Committee on Finance (1993–1993)
  • chairman of the board of LKAB (2017–) Sjå dette på Wikidata

Hans Göran Persson (fødd 20. januar 1949) er ein svensk politikar. Frå mars 1996 til 6. oktober 2006 var han statsminister i Sverige. Han var partileiar for socialdemokraterna frå 1996 til 2007. Mellom 1985 og 1989 var han ordførar i Katrineholms kommun i Södermanlands län. I 1989 vart han undervisingsminister fram til 1991, då socialdemokraterna tapte valet. Etter at dei kom tilbake til makta i 1994, vart han utnemnd til finansminister, fram til 1996, då han avløyste Ingvar Carlsson som statsminister.

Som politikar er Persson kjend som ein retorisk talar.[1] Han skriv sine eigne talar, og ofte skriv han ikkje talar i det heile teke før han entrar scena. Han er også kjent for den tøffe leiarskapen sin. Som byrådsmedlem i Katrineholms kommun fekk han kallenamnet «HSB» – ‘han som bestämmer’.[2] Kallenamnet viser elles til bustadføretaket Hyresgästernas sparkasse- och byggnadsförening.

Göran Persson fekk den internasjonale miljøutmerkinga Sofie-prisen i 2007 for kamp mot klimakrisa gjennom politiske miljøtiltak i Sverige.[3] Sidan 2007 har Persson arbeidd som senior advisor for det nordiske kommunikasjonsrådgjevingsføretaket JKL Group.

Persson er gift med Anitra Steen, som tidlegare var direktør i Systembolaget.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Startet valgkamp med Midtøsten[daud lenkje]Dagsavisen.no.
  2. «Perssons grepp blir allt hårdare Arkivert 2009-10-06 ved Wayback Machine.» av Tove Nandorf på DN.no (08.01.2006).
  3. Pressemelding: «Sofie-prisen 2007» på Sophieprize.org (15.02.2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Göran Persson

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]