Götaverken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°46′N 11°53′E / 57.767°N 11.883°E / 57.767; 11.883 Götaverken, ei tid òg kalla Götaverken Arendal (GVA), var eit skipsverftHisingen i Göteborg, grunnlagt i 1841, og definitivt konkurs i 1989. I dag driv eit nederlandskeigd vedlikehaldsverft i anlegget.

Wilh. Wilhelmsens boreplattform «Treasure Saga», levert av GVA i 1983. Modellen GVA 4000 vart introdusert etter Alexander Kielland-ulukka.

Verftet vart skipa i 1841 av den skotske forretningsmannen Alexander Keiller under namnet Keillers Werkstad i Göteborg. Etter ein konkurs i 1867 vart selskapet omorganisert som Göteborgs Mekaniska Verkstads AB. I 1906 skifta verftet namn til Göteborgs Nya Verkstads AB, og i 1917 fekk det namnet AB Götaverken – eit namn det skulle halda på i 60 år.

Eit nytt anlegg vart lagt i Göteborg-bydelen Arendal i 1950-åra, og det gamle Cityvarvet vart stengt i 1968. Selskapet vart overteke av staten i 1977 under verftkrisa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]