Gøril Kringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gøril Kringen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. januar 1972 (52 år)
Stjørdal kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Gøril Kringen (fødd 28. januar 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Stjørdal som vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho var ein innsatsfull forsvarsspelar.

Kringen var aktiv i Trondheims-Ørn frå 1990 til ho la opp i 2005. Perioden frå 1993 til og med 2003 var ho med om å vinne sju cupfinalar og sju seriemeisterskap for topplaget frå Trondheim.

I tida 1995-2001 spelte Kringen 72 landskampar, utan nokon gong å kome på skåringslista. Ho deltok i Fotball-EM 1997 og 2001, i den siste turneringa var ho lagkaptein, og ho var med i Fotball-VM 1999 og Sommar-OL 2000. Under sommarleikane i Sydney var Kringen midtstoppar og kaptein for det norske mannskapet som vann OL-finalen mot USA på såkalla «golden goal».

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Olympisk meister: 2000 for Noreg
  • Seriemeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 2000, 2001 og 2003 med Trondheims-Ørn
  • Noregsmeister: 1993, 1994, 1996, 1997, 1998, 1999, 2001 og 2002 med Trondheims-Ørn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]