Gøymsle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tre born som leikar gøymsle i eit oljemålarstykke av Friedrich Eduard Meyerheim.

Gøymsle, gøymsleleik eller gøymeleik er ein gamal barneleik som ein kan leika både ute og inne heile året.

I gøymsle må det vera minst to folk, og ein person vert vald til å stå, medan dei andre spring og gøymer seg. Når den som står har talt til eit avtalt tal, t.d. 30, kan han/ho opna augo og leita etter dei andre.[1]

Som eit avbrigde kan ein velja at ein må finna dei som har gøymt seg innan ei viss tid, eller ein kan seia «gje eit lite pip!», og dei som har gøymt seg må då gje eit lite «pip».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Williams, Jenny (20. august 2009). «30 Classic Outdoor Games for Kids». Wired. Hide and Seek. Henta 2. juli 2017.