Günther Mader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Günther Mader
Fødd 24. juni 1964
Matrei am Brenner
Yrke alpinist

Günther Mader (fødd 24. juni 1964) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Matrei am Brenner i Tirol som vart nummer to i verdscupen i alpine greiner både i 1995 og 1996. I tida 1987-97 sikra han seg seks VM-medaljar og ein OL-medalje; seks i bronse og ein i sølv.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tolv sesongar, 1986 til 1997, vann Mader 14 renn i verdscupen. Han vann, som ein av få utøvarar, verdscuptevlingar i alle fem øvingane. Flest sigrar tok han, seks i talet, i super-G. Men det var FIS-pokalen 1990 i storslalåm og ein kombinasjonspokal han opplevde som sine største triumfar.

Mader vann sølvmedaljen i slalåm ved VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana, einast Frank Wörndl frå Vest-Tyskland rann fortare. I same meisterskapen tok Mader den fyrste av tre strake VM-bronsar i kombinasjon, den fjerde kom i VM 1996. Tidlegare hadde han vunne bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1992 i Albertville, og seinare tok han ein bronsemedalje også i super-G, då i VM i alpine greiner 1997.

Straks etter sesongslutt våren 1998 vart Mader råka av eit hjerneslag. Etter langvarig opptrening tok han seg arbeid for eit skiutstyrsfirma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]