Gürbetal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geistsee in Gürbetal

Gürbetal (Gürbedalen) i Sveits ligg mellom byane Bern og Thun, vest for elva Aare. Her ligg kommunane Seftigen og dei kring denne. Dalen er kalla opp etter elva Gürbe, som renn gjennom dalen. Den største byen i Gürbedalen er Belp. Gürbedalen og Aaredalen er fråskilde av Belpberg.

Gürbedalen er 1-2 km brei. Dalbotnen er flat og oppdyrka. Kanalar gjer at dalen er flaumregulert. Kål er ein av dei viktigaste avlingane frå dalen og sauerkraut frå kålen vert produsert i Burgistein og Mühlethurnen. På grunn av dette vert Gürbedalen ofte kalla «Kålland» (sveitsartysk Chabisland).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°50′10″N 7°30′23″E