G.I. Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
G.I. Blues
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 1. oktober 1960
Innspelt April–mai 1960
Sjanger Pop, rock and roll
Lengd 26:35
Selskap RCA Victor
Elvis Presley-kronologi
Elvis Is Back!
(1960)
G.I. Blues His Hand in Mine
(1960)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
MusicHound3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Rough Guides2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

G.I. Blues er det 11. studioalbumet til Elvis Presley. Det kom ut på RCA Victor i mono og stereo i oktober 1960. Innspelinga fann stad 27. og 28. april, og 6. mai 1960, i RCA Victor Studio C og Radio Recorders i Hollywood. Albumet gjekk til topps på Billboard Top Pop Album-lista.[4] Det selde til gullplate 13. mars 1963 og platina den 27. mars 1992 hos Recording Industry Association of America.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Musikken på albumet består av songar som hadde vore med i filmen med same namn. Songen «Wooden Heart» vart gjeven ut på singel i Storbritannia, der han låg seks veker på toppen av lista. I USA spelte Joe Dowell inn ein versjon av «Wooden Heart» som gjekk til topps på Billboard Hot 100. RCA Victor gav seinare ut «Wooden Heart» av Presley som b-side av ein singel to gonger, ein gong i 1964 på nyutgjevinga av «Blue Christmas», og igjen på singelen «Puppet on a String» får filmen Girl Happy i 1964. Fire av songane på albumet kom ut i 1995 på samlealbumet Command Performances: The Essential 60s Masters II: «G.I. Blues», «Wooden Heart», «Shoppin' Around» og «Doin' the Best I Can».

På grunn av opphavsrettar vart opningssporet «Tonight Is So Right for Love» byta ut med «Tonight's All Right for Love» for den europeiske versjonen av albumet, som var tilpassa frå ein melodi av valsekongen Johann Strauss den yngre frå 1800-talet, Geschichten aus dem Wienerwald. Melodien for «Tonight Is So Right for Love» var teken direkte frå ein barcarolle skriven av Jacques Offenbach, som levde samstundes med Strauss. Ei amerikansk utgåve av «Tonight's All Right for Love» kom ikkje ut før samlealbumet Elvis: A Legendary Performer Volume 1 i 1974. Versjonen av «Blue Suede Shoes» som vart nytta i filmen er ei nyinnspeling av songen Presley først spelte inn i 1956, og er ein av få songar Presley spelte inn att på ny i studio i løpet av karrieren.

Albumet G.I. Blues vart nominert til to Grammy-prisar i 1960 i kategoriane beste filmmusikkalbum og beste mannlege vokal.[6]

Den 27. april 1997 nymastra RCA albumet for CD og la til åtte opptak frå innspelinga som bonusspor. To av songane var ikkje gjevne ut før, den akustiske versjonen av «Big Boots» som kom ut på det posthume albumet Elvis Sings for Children and Grown-Ups Too i 1978, og erstatninga «Tonight's All Right For Love».[7] I 2012 vart G.I. Blues gjeven ut på Follow That Dream i ein 7" digi-pack-utgåve med eit hefte og to CD-ar som inneheldt det originale albumet og fleire alternative opptak.[8] Ein oppfølgjar, Café Europa, som òg inneheldt eit hefte og to CD-ar kom ut i 2013. Dette albumet inneheld fleire alternative versjonar frå innspelinga av G.I. Blues.[9]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Bonusspor frå 1997[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Follow That Dream-utgåva frå 2012[endre | endre wikiteksten]

Plate 1 Plate 2
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Café Europa på Follow That Dream frå 2013[endre | endre wikiteksten]

Plate 1 Plate 2
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Plassering[endre | endre wikiteksten]

År Lister Plassering
1961 Billboard Pop Albums (Billboard 200) (mono og stereo) 1
1961 UK Albums Chart[10] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 121. ISBN 1-84353-417-7. 
  4. «Pop Albums». Elvis Presley: The Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 15. oktober 2016. 
  5. «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 27. september 2016.  Merk: Søk på «Presley, Elvis»
  6. «Grammy Awards 1961». Award Shows. Awards and Shows. Henta 24. oktober 2016.  Vinnaren var Ray Charles for The Genius of Ray Charles.
  7. Sources:
  8. «Utgjeve : G.I. Blues FTD 2 CD Special Edition Classic Album [Vol. 1]». Elvis Australia. 11. juli 2012. Henta 24. oktober 2016. 
  9. Sources:
  10. «Chart Stats - Elvis Presley - G.I. Blues». chartstats.com. Henta 6. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]