Gaston de Gerlache

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå G. de Gerlache)
Gå til: navigering, søk
Gaston de Gerlache
Gaston de Gerlache de Gomery - Mullem.jpg
Fødd 17. november 1919
Brussel
Død 13. juli 2006
Oudenaarde
Nasjonalitet Belgia
Yrke oppdagar, jurist

Gaston de Gerlache de Gomery (fødd 17. november 1919 i Brussel, død 13. juli 2006 i Oudenaarde) var ein belgisk baron og polarutforskar.

Gaston de Gerlache var son av Adrien de Gerlache og følgde i spora til faren og leia den andre belgiske ekspedisjonen til Antarktis i 1957-1958, 60 år etter faren først leia den første med skipet «Belgica».

Under den andre ekspedisjonen vart Kong Baudouin-basen oppretta.

I 1960 publiserte Gaston de Gerlache reisejournalen Retour dans l'antarctique. Eit år seinare laga han ein dokumentar om ekspedisjonen kalla Plein sud.

Det 2400 meter høge Mont Gaston de Gerlache er kalla opp etter Gerlache.

Bakggrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]