GAZ-66

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
GAZ-66 med naudhjelp i Afghanistan
Sjisjiga som sambandsvogn

GAZ-66 er eit russisk militært firehjulsdrive transportkøyretøy produsert av fabrikken GAZ. Køyretøyet var det viktigaste transportkøyretøyet i Den raude armeen og vert enno brukt i fleire tidlegare Sovjet-statar. Køyretøyet fekk tilnamnet sjisjiga (шишига).

GAZ-66 er kjend for å vera påliteleg, enkel og har gode terrengeigenskapar. Det har frontmontert vinsj, sentralt dekktrykksystem og sjølvlåsande differensial som standardutstyr, og er i både militær og sivil bruk, mellom anna til rekreasjon, mange stader i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]