GLOCK 17

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GLOCK 17

GLOCK 17 var den første pistolen som vart konstruert og produsert av det austerrikske firmaet GLOCK. Han har ein locked-breech-mekanisme, og er i kaliber 9 mm Parabellum. Magasinet tek heile 17 patronar i to rekkjer.

GLOCK 17 dukka opp først på 1980-talet under våpenutprøvingane til den austerrikske hæren. Han kom i teneste der som P80. I 1988 vart han teken inn i den svenske hæren som Pistol 88. Nemninga 17 i det eigentlege namnet kjem elles av at pistolen er Gaston Glock sitt patent nummer 17.

GLOCK-pistolar har ry for å vera ekstremt solide og pålitelege.

GLOCK-pistolane har eit konstant double-action avtrekkjarsystem utan hane og tennstift kalla safe action. Som revolverar manglar han manuell sikring fordi han ikkje treng det. Han kan berre avfyrast double-action.

Ramma er laga av ein avansert polymer, noko som vekte oppsikt da GLOCK 17 kom. Men løpet og sleiden er (sjølvsagt) av metall, til liks med mange andre indre delar av våpenet.

GLOCK er mellom dei pistolane som er mest bruka i politi-samanheng i dag, og han blir au bruka av fleire lands militærvesen. Han er mellom anna standardpistol i det norske forsvaret. I det norske politiet ønskjer dei au å få 9 mm sjølvladepistolar som Glock eller Heckler & Koch USP overalt i staden for dei Smith & Wesson-revolverane dei fleste politifolk framleis er gjevne som tenestevåpen.

Men i konkurransen om ny standard militær tenestepistol i USA fekk GLOCK ikkje vera med, blant anna fordi dei berre ville vurdere pistolar med synleg hane og manuell utvendig sikring. Fleire amerikanske politidistrikt har likevel teke i bruk GLOCK-pistolar, for det meste GLOCK 22 i kaliber .40 S&W.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen [1]