GPS Exchange Format

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
GPS Exchange Format
Filending
.gpx
MIME-type
application/gpx+xml og application/octet-stream
Nettstadwww.topografix.com/gpx.asp

GPX, eller GPS Exchange Format, er eit XML-skjema designa som eit felles dataformat for GPS for ulik programvare. Det kan brukast til å skildra vegpunkt, spor og ruter. GPX er eit open filformat og kan brukast utan å betala lisens. Posisjonsdata (med moglegheit for høgde, tidspunkt og annan informasjon) blir lagra i taggar og kan utvekslast mellom GPS-utstyr og programvare.

Einingar[endre | endre wikiteksten]

Lengdegrad og breiddegrad blir uttrykte i desimalgrader og høgd i meter, begge ved hjelp av WGS 84. Dato og tid er ikkje lokale tidspunkt, men nyttar Coordinated Universal Time (UTC) i ISO 8601-formatet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]