GRAS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

GRAS-gruppa var eit kunstnarkollektiv som eksisterte mellom årsskiftet 1969/70 og hausten 1973.

Gruppa arbeidde særleg med grafikk, der særleg silketrykk vart ei mykje brukt uttrykksform. Dette gav mange moglegheiter, og gav god trykk-kvalitet i store opplag. Per Kleiva hadde lært teknikken av Sven Skaar Olsen, og blei den viktigaste rettleiaren for dei andre.

Også namnet GRAS-gruppa skal ha vore Per Kleiva sin ide.

Det eigentlege gruppearbeidet skaut fart etter at Morten Krohg kom over ledige lokale i Christian Krohgs gate. I følgje Sidsel Helliesen i bind 7 av Norges Kunsthistorie hadde gruppa då følgjande medlemmer: Siri Aurdal, Øivind Brune, Bjørn Melbye Gulliksen, Anders Kjær, Per Kleiva, Bjørn Krogstad, Morten Krohg, Eva Lange, Victor Lind, Olav Orud, Jan Radlgruber, Asle Raaen, Egil Storeide og Willi Storn.

GRAS-gruppa gav mellom anna ut GRAS-mappen, 14 grafiske blad som inneheldt fleire politiske kunstverk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]