GSI Helmholtzzentrum für Schwerionenforschung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GSIs logo
Modell av GSI
Ein del av lagringsringen ESR.

GSI Helmholtzzentrum für Schwerionenforschung (Helmholtz-senter for forsking på tunge ion) i Wixhausen i Darmstadt er eit forskingsinstitutt grunnlagt i 1969 som Gesellschaft für Schwerionenforschung (GSI).

Instituttet er mellom anna kjent for å ha oppdaga seks grunnstoff: meitnerium (1982), hassium (1984), darmstadtium (1994), roentgenium (1994), bohrium (1996), og copernicium (1996). I tillegg til grunnforsking driv insituttet praktisk medisinsk forsking.

Det eldste og viktigaste verktøyet på instituttet er den lineære partikkelakseleratoren Universal linear accelerator (UNILAC) som kan akselerere ion til 20 % av lysfarten. I 1990 fekk instituttet tilført synkrotronen SIS18, som kan akselerere ion til 90 % av lysfarten og lagringsringen ESR.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: GSI Helmholtzzentrum für Schwerionenforschung