GWP-verdi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

GWP-verdi eller Global Warming Potential er eitt uttrykk for ein klimagass sin evne til å bidra til drivhuseffekten.

GWP-verdien for ein gass er definert som det akkumulerte bidraget til drivhuseffekten frå eitt tonn utslepp av gassen samanlikna med eitt tonn utslepp av CO2 over eit spesifisert tidsrom. Ved hjelp av GWP-verdiane veg ein utsleppa av klimagassar saman til CO2-ekvivalentar.

Dei viktigaste klimagassane
Komponent Kjemisk formel GWP-verdi
Karbondioksid CO2 1
Metan CH4 21
Lystgass N2O 310
Hydrofluorkarbon (HFK):
HFK-23   11 700
HFK-32   650
HFK-125   2 800
HFK-134a   1 300
HFK-143a   3 800
HFK-152a   140
HFK-227   2 900
Perfluorkarbon (PFK):
PFK-14 CF4 6 500
PFK-116 C2F6 9 200
PFK-218 C3F8 7 000
Svovelheksafluorid SF6 23 900

Kjelde[endre | endre wikiteksten]