Ga‘já

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ordet /vənā'šūḇā/ frå Klagesongen 5:21. Ga‘jáen i ordet (merkt med raudt) gjer at fonemet /ə/ blir trykksterkt. I den vesteuropeiske sefardiske tradisjonen blir uttalen ['vanā'šūḇā].

Ein ga‘já eller gangjá (hebr. גַּעְיָא [ga‘jā]) er ein sjevá som er markert som trykksterk med eit meteg-teikn. I den sefardiske tradisjonen i Vest-Europa blir sjeváen uttala som [a] når han står som ga‘já. I nokre tradisjonar kan omgrepet ga‘já bli bruka om alle metagím som ikkje fungerer som siste hovudaksent i verset.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.